Forfattar Maria Parr presenterer smakebitar frå ny bok under Dei nynorske festspela

Parr på programmet

– Det kjennest godt å ha med seg noko nytt, seier forfattar Maria Parr. I helga er ho ein del av programmet under Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda.

I Tunet Maria Parr skal ta del i fleire av programpostane under Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda, som tek til torsdag denne veka. Her er forfattaren i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, der mykje av festspelprogrammet skal gå føre seg.  Foto: Hild Nordal

Kultur

Til hausten kjem Maria Parr (36) si tredje bok. «Keeperen og havet» er ein frittståande oppfølgjar til Parr si debutbok «Vaffelhjarte» frå 2005. «Tonje Glimmerdal» kom i 2009.