Sommerfesten har nærmast vore ein fast tradisjon for Andreas Voie Juliebø. Sjølv når han har budd i Oslo og jobba som profesjonell musikar har ferie og turen heim til Ålesund ofte funne stad i juni-juli-skiftet.

– Det kjekkaste med Sommerfesten er at det, uansett om eg har budd heime i Ålesund, eller etter eg var utflytta, har bydd på eit gjensyn med kjende som ein ikkje har sett på lenge. Det er eit unikt samlingspunkt, og eg synest det er utruleg kult kva dei får til her ute. Det er ei fin plattform, både som musikar og dei gongane eg har dratt heim berre for å kose meg, fortel Juliebø som altså i desse dagar er aktuell saman med musikaren Kristian Kristensen.

Noko spesielt med festivalar

26-åringen spelar nemleg trommar i bandet til den tidlegare «The Voice»-deltakaren, og har vore med både i studio ogrundt omkring i landet på turne. Laurdag set altså bandet kursen for Giske, og det som er heimepublikummet til Juliebø.

– Både festivalar, konsertar og studioarbeid er veldig kjekt. Eg likar den balansen mellom ting, men akkurat festivalar har ein litt anna «vibe», enn

konsertar. Medan mange kjem for å høyre akkurat oss på konsertar, må ein jobbe litt meir med publikummet, som kanskje eigentleg kjem for å høyre nokon andre, seier Juliebø og legg til at det er ei spennande utfordring som han ser fram til å gripe fatt i.

Og det er jo sjølvsagt spesielt å gjere det på heimebane. I 2015 spelte han under Sommerfesten som ein del av bandet til artisten Nora Konstanse. Han har også spelt under Jugendfest, og det er ikkje tvil i at han har etablert seg godt som trommespelar.

Alltid spesielt på heimebane

– Ein blir kanskje aldri nervøs når ein er så rutinert?

– Vi i bandet har jobba mykje saman, og har ein fin flyt. Det varierer jo, men akkurat på heimebane er det alltid spesielt, særleg med kjende i publikum, seier Juliebø som ventar både foreldre og vennar som tilskodarar.

Sosialt

– Men det er alltid gøy å spele heime altså. Det var jo her det starta ein gong i tida, seier han og lovar følgjande på laurdag:

– Eit sinnssjuk bra show. Vi har perfeksjonert det, og jobba hardt for at det skal låte så bra som mogeleg, seier han onsdag. Han er nemleg heime ein kjapp tur, før turen går til Tahitifestivalen i Kristiansund torsdag. Laurdag kjem han altså tilbake med resten av bandet.

– Eg gleder meg veldig. Ikkje minst er det kjekt å spele, men vi som spelar rundt omkring kjenner også litt til kvarandre. Det blir kjekt å sjå igjen resten av gjengen. Eg skal også nyte festivalen som publikummar, seier Juliebø som særleg gleder seg til å sjå ein annan Ålesundar på scena:

Trommespelar: Andreas Voie Juliebø er profesjonell musikar og har blant anna vore involvert med artistar som Nora Konstanse, Kristian Kristensen og Inge Bremnes. Foto: Maria Moe