Festspeldiktaren på opninga av Dei nynorske festspela:

– Eg kan ikkje tenke meg noko gruppe som er viktigare å gi ei stemme enn barn

Festspeldiktar Lars Mæhle opna festivalen med å forsvare barna sin rett til å berre vere barn. Nesten alle forfattarane på Dei nynorske festspela skriv for dei unge.

FESTSPELDIKTAR Lars Mæhle var både alvorleg og glad under opningshøgtida. Her framom Ivar Aasen-tunet.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Kultur

– Eg kan ikkje tenke meg noko gruppe som er viktigare å gi ei stemme enn barn. Det er noko eg brenn for, seier Lars Mæhle til Sunnmørsposten.