Rosekyrkja har namnet sitt etter det spektakulære interiøret med svært gamle vegg- og takmåleri. Mest ikkje ein flekk er fri for utsmykking, anten det no handlar om bibelhistorie eller bilde frå planteriket.

Interiøret fekk fagmessig stell nokre få år attende. Men sjølve kyrkjebygget treng også kjærleg tømrar-hjelp.

Dette arbeidet er allereie kome i sving, men inntil for nokre veker sia visste ikkje Fortidsminneforeningen om dei kunne betale alt som trengst.

Takk vere dei 80.000 kronene dei fekk frå fylket i fjor, 80.000 nye kroner frå Sparebanken Møre og 100.000 frå Stiftelsen UNI, vert mykje muleg no, forstår vi. Sunnmørslaget til foreininga har eigd Rosekyrkja heilt sia 1908.

Kronikk om vern av Rosekyrkja: Offerstein borte for lenge sidan

David og Goliat Heile interiøret i Stordal si gamle kyrkje vart illustrert med kunstnarleg utførte motiv frå bibelhistora. To omreisande målarar sytte for dét i 1799, ti små år etter vigslinga. Foto: Jorunn Monrad

Attåt dei milde gåvene frå finansmiljøet, har entusiastane inne fleire søknader som ikkje er handsama enno. Så her kan det kome endå meir.

Skulle så skje, vil restaureringa vere så godt som fullfinansiert, peikar foreninga på i ei pressemelding.

Kyrkja er vakkert plassert rett inntil Stordal bygdetun. Til saman utgjer bygningane eit flott historisk miljø, som talrike gjestar heldigvis veit å nyte gjennom sesongen. Rosekyrkja er opa dagleg no sommaren.

Ut på haustparten får skulelevar i Stordal ekstra stor glede av UNI-gåva: Då vert dei inviterte til ein slags fagdag der dei både får lære om kyrkja, prøve seg som historiske handverkarar og koke sin eigen tradisjonsmat. Ja, ete den, med.