Slik var årets festspel:

Lågaste publikumstal på fleire år

Færre arrangement enn i fjor og mykje regn har truleg gjort at Dei nynorske festspela har hatt det lågaste publikumstalet på fleire år.

Lars Mæhle saman med kulturskuleelevane under familiekonserten.  Foto: HumbersetFOTO

Kultur

Det skriv dagleg leiar, Gaute Øvereng i Aasen-tunet i ei pressemelding. Neste år skal Festspela flyttast til tidlegare i juni og Øvereng fortel at det då er naturleg å sjå på kva som kan gjerast annleis.

Dei 4044 personane som tok turen innom dei til saman fire festspeldagane var likevel nøgde.

– Publikum har gjennom årets spørjeundersøking gitt festspela gode karakterar, seier Øvereng i pressemeldinga.

Også festspeldiktar Lars Mæhle, som var årets hovudperson, var godt nøgd med arrangementet.

– Eg vil alltid ha med meg bilde og inntrykk herifrå, frydefulle barneblikk, gode samtalar, musikk, ord og gode ansikt. Kort sagt kultur på sitt aller beste, seier Mæhle.

Fokus på barna

Under årets festspel har det vore færre arrangement enn tidlegare, men det har til gjengjeld vore større fokus på barn og unge. Til saman var det 48 ulike arrangement i Ivar Aasen-tunet og rundt om i vertskommunane Ørsta og Volda.

Familiekonserten som blei arrangert i samarbeid med lokale kulturskular trekkast fram som eit viktig bidrag til den nynorske barnekulturen.

«Ein allsidig festspeldiktar med eit brennande engasjement for barn og unge gav eit breitt tilbod til denne aldersgruppa», heiter det i pressemeldinga om Lars Mæhle.

Strøyma på Facebook

Kombinasjonen av tropevarme og mykje regn har truleg medført at fleire haldt seg heime under nokre av arrangementa. Men også dei hadde moglegheita til å få med seg festspela. Nokre av arrangementa blei nemleg strøyma på Dei nynorske festspela si Facebookside.