Stor bursdagsfeiring med gratiskonsert

Ulstein Verft har også invitert Cezinando til hundreårsdag

Ulstein har 100-årsjubileum i år, og feirer dette med fest 2. september i dokkhallen på Ulstein.
Kultur

Ulstein Verft inviterer til gratis feiring av sin hundreårsdag.

Andre september blir det feiring i dokkhallen på Ulstein Verft. Alle er invitert.

Kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim seier ho trur det blir ei spektakulær feiring.

– Vi har allereie annonsert Sigrid og Madcon. Og no kan vi annonsere Cezinando, som har hatt mange hitlåtar på radioen i det siste. I tillegg kjem Ulstein mannskor og saksofonisten Webjørn Sæther.

Sigrid: – Å spille på Sommerfesten på Giske er stort

Konserten vil bli leia av Thomas Numme, kjend frå ’Senkveld med Thomas og Harald’ på TV2. Arrangementet er i regi av Momentium.

Arrangementet er gratis, men Solheim oppmodar alle om å registrere seg på Tikkio slik at dei veit kor mange som kjem.

– Vi må vite kor mange som kjem då vi må sette eit tak på talet besøkande nede i dokkhallen.