I år melde over 150 band  og artistar si interesse om å få spele på festivalen som har vokst til å få eit stort navn i musikkmiljø over heile verda, og denne gongen spelar band frå både Norge, England, Sverige, Skottland og USA på Indiefjord.

Kjem långveis frå

Eit av banda, Pale Lights, kjem langveis frå. Dei kjem nemleg heilt frå New York for å spele foran sunnmøringar, skottar, svenskar og andre som skulle ta turen til Bjørke denne helga. Dei fortel til Sunnmørsposten at dei gler seg til å spele, og at turen allereie har vore fantastisk, og at dei har fått sett natur, og møtt fantastiske folk, både sunnmøringar og andre tilreisande.

Frivillige

Blant dei som har reist kortast er dei frivillige hjelperane Ivar Mork og Eline-Grethe Haddal. Dei fortel at trass ein lang og krevande laurdag har det vore morosamt å vere med å arrangere tidenes fjerde Indiefjord.  Les meir om Indiefjord i avisa på måndag.

Ivar Mork og Eline-Grethe Haddal har hatt ein lang, men morosam dag i Bjørke. Dei har tatt i mot så og sei alle som har komt for å vere med på Indiefjord. Foto: Herman Ringstad