– Det har godt overraskande bra. Når ein tek utdanning er dette noko man er veldig bekymra for. Fyste året tenkjer ein ikkje så mykje over det, men på andreåret byrjar det å gå opp for deg at no må du snart skaffe deg jobbar. Og siste året er det alt du tenkjer på. Eg trur det er slik for alle yrker ein man jobbar som frilansar. Men det har gått over all forventning.

Sylvi Listhaug på Moldejazz

Trommesett som treåring

Lødøen gjekk, som svært mange andre av Norges fremste unge jazz- og popmusikarar, på jazzlinja ved NTtnu i Trondheim. Men han byrja med trommesett som han fekk då han fylte tre.

– Pappa var veldig rytmisk av seg. Han har spelt i korps, men ikkje noko meir enn det. Han introduserte meg for Mezzoforte, Spyro Gyra og ein del slike guilty pleasures. Jazzrock, eigentleg. Det er kanskje ikkje heilt stuereint å nemne slike artistar, men eg syntest det var kult å like andre ting enn det som resten av klassa høyrde på. Som Limp Bizkit og sånne band. Pappa brukte å sitte og tromme med fingrane når vi køyrde bil, til dømes. Og då såg eg at det passa med musikken og byrja å skjøne.

Rohey

Musikken Lødøen høyrde på gjorde at han begynte å få interesse for instrumenteringa i musikk. Dette leda inn til prosjektet Rohey, som blei starta då han gjekk fyrste året på jazzlinja.

– Alle vi fire som speler i bandet gjekk samtidig på jazzlinja. Rohey Taalah er vokalist, Henrik speler trommer, Kristian B. Jacobsen speler gitar og keyboardist Ivar Blomqvist skriv alle låtane våre.

- Vi elska dokke!

Jarle Bernhoft

Rohey gav ut debutalbumet sitt i mars i år. Og i fjor var dei oppvarmingsband på turneen til Jarle Bernhoft, som speler på Moldejazz torsdag.

Musikken er soul og funk, og det begynte med coverlåtar, før Blomqvist begynte å skrive eige materiale.

– Vi byrja med å spele litt glatte versjonar av jazzlåtar, før vi begynte med eige materiale. Ivar har skrevet ein haug med pop/funk/soul-låtar, og har fått skikkeleg teke på det. Og så arrangerer vi musikken i lag. Og v i føler at no får vi noko til. Og live improviserer vi mykje, slik at det er ikkje som popmusikk, kor ein speler det same kvar gong.

Stort å spele i Molde

Fyrste gong Rohey spelte i Molde var i Alexandraparken for to år sidan. Men denne gongen er dei ein del av hovudprogrammet, og spelte på sjølvaste klubbscena på Plassen, klokka tolv natt til torsdag.

– Det er stort å spele på Moldejazz. Det er ein enorm tillitserklæring å få spele i ein sal som tek 800 menneske.

Var frivillig

Lødøen var frivillig under Moldejazz i tre år som tenåring.

– Eg stod og selde t-skjorter borte i gata her.

Som frivillig blei det også moglegheit til å sjå konsertar.

– Eg huskar spesielt Joshua Redman Trio. Det gjorde djupt inntrykk på meg. Akkurat i den perioden så var eg der sånn sjangermessig.

Men han finn også inspirasjon hos sine kollegaer frå samtida, og ikkje berre frå gamle legender.

– Fyste gongen eg høyrde Hans Hulbekkmo, som gjekk på same folkehøgskule som meg, her på Moldejazz blei eg kjempeimponert.

Fekk trommeidol som lærar

Det var ikkje noko stort jazzmiljø i Brattvåg då han veks opp der.

– Men trommeslagar Tor Andreas Haugerud er frå Brattvåg. Og eg hadde høyrd på plater med Trondheim Jazzorkester som han speler på, samt Joshua Redman, og eg visste ikkje at han var frå Brattvåg. Og så viste det seg at han var han lærer på jazzlinja i Trondheim der eg gjekk!

Sunnmøres egn Björk

Rohey Taalah er vokalist og frontfigur i Rohey der Henrik Lødøen er med. Foto: Hogne Bø Pettersen