«He dok. betalt» var ein replikk som ofte gjekk igjen i Brazz Brother sin julekalender «Julefergå» på TV2 på 90-talet.

Den eine av brazz-brørne, Jan Magne Førde (sunnmøringen), vidareførte den tankegongen da konserten han heldt på Moldejazz var over. – Denne musikken kan kjøpast på plate, og sida dette er improvisert musikk burde de kjøpe to, berre i tilfelle dei er ulike.

Humoren var overhovud ikkje malplassert, for sjølv om omstenda rundt konserten (Førde mista kona si berre nokre dagar før konserten og det var også 22. juli med dei minna som det fekk fram), så var det mykje humor og lek i det som blei presentert.

Konserten byrja vakkert og roleg. Med perkusjon på boks, og Henning Sommerro (nordmøringen) på kyrkjeorgel, kom Førde vandrande inn langs midtgangen på fyrste låt. Det sette ei fin stemning og man fekk følelsen av surroundlyd av det heile. Og det vart det også når Molde Brass Band (romsdalinger) kom inn og spelte framme i sakristiet, med ryggene til oss. Kyrkjerommet og akustikken blei utnytta på det beste. Også da brassbandet kom ut langs sida av benkeradene og spelte.

Det var diverre deler av konserten av som var litt enkel. Arktisk klang ala Arve Henriksen på trompeten er ei velprøvd oppskrift. Når dette blir akkompagnert av eit jazzarrangement som er på grensa til inkjeseiande easy listening-jazz var det ved eit par høve kor eg blei bekymra for korleis dette skulle gå.

Men eg burde forstått at ein person som Førde, med 35 års erfaring som komponist bak seg, er noko meir ein sirkuset som berre kan eit triks. For plutseleg tok musikken ei heilomvending som var ein fryd å vere med på. Ikkje minst var duellen mellom kyrkjeorgel og brassbandet, med kraftige fløyt så det dirra i brystkassa, eit teikn på at her ville vi bli overraska undervegs.

På fleire nummer drog vi til Afrika, med fengande perkusjon frå Kenneth Ekornes, og eit framifrå arrangement med Molde Brass Band. Det var nett som dansefoten tok oss, men det får vere måte på. Dette er trass alt eit jazzpublikum, så at vi skulle røre på oss er nok for mykje forlangt. Men då Henning Sommerro, med trekkspel på fanget sette i gang og scatte, chante og nesten jodle på eit av fleire folkemusikkinspirerte nummer var det umogleg å halde smilet unna. Dette var bra!

Det same gjaldt då sykkylvingen Kenneth Ekornes fekk gå amok på slagverk og perkusjonsinstrument som leiketøy, lange røyr, fløyter, opptakar for å spele alt i loop og ein rekke andre ting man vanlegvis ikkje bør slå løys på trommene med. Sjølvaste Han Benink ville vore stolt!

Og da det på siste nummer, før ekstranummer, alt bygde seg opp med full instrumentering, og Sommerro sprang opp bak i kyrkja og opp til orgelet igjen berre for å tilføre nokre sekund med lyd, var dei litt kjedelege augneblink tilgitt.