– Musikken min er inspirert av havet. Den er prega av lyden av bølgjer som skyl opp og tilbake, opp og tilbake.

Lena Nymark ser utover havet frå Ocean Sound Recording på Giske. Hit har 36-åringen frå Langevåg tatt med seg tolv låtar ho både har komponert, skrive tekst til og arrangert for band.

– Ideen til fleire av låtane har kome når eg har sete på ein stein i Bolvika og kikka på bølgjene like ved der eg bur i Langevåg, fortel musikaren som denne veka har tatt med seg mannen sin Eyvind Magnus Solberg som lydmann, og tre musikarar til Giske for å spele inn si andre soloplate.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Ho håper å få materialet til plata på tape før ho tar fatt på eit nytt skuleår som lærar ved Sula Kulturskule.

Ord om livet

Første soloalbumet til Lena Nymark har tittelen «Beautiful silence». Albumet som no blir spelt inn har ho gitt tittelen «Trapped in the silence».

Debut: På si andre soloplate er Lena Nymark ikkje berre vokalist, men spelar og på fleire instrument, som på sin nye klarinett. Foto: Staale Wattø

– Med fanga i stillheita meiner den pinlege stilla som kan oppstå nå ein ikkje veit kva ein skal seie, når ein rører ved eit tabu eller ikkje finn dei rette orda, forklarer musikaren som denne gongen har laga songar som handlar om skiljet mellom draum og vaken tilstand, liv og død, surrealisme, kjærleik og einsemd.

– Eg likar å leike meg med ord, og det kan bli til både rare og alvorlege tekstar, seier ho.

Ekte lyd

I sjiktet jazz/pop. Der plasserer Lena Nymark sjølv musikken ho lagar. På den første soloplata la ho på synth og andre studioeffektar, men på den nye plata ynskjer ho å reindyrke kvart instrument og samspelet mellom musikarane.

– Eg ynskjer å vere eit alternativ til den gjennomproduserte musikken som er ein trend for tida. I studio har eg med tre gode musikarar som skal få plass. Dette skal bli ei levande plate, det skal høyrest at det er ekte folk som spelar på instrumenta, seier ho og siktar til pianist Dag-Filip

Musikardebut

Sjølv skal Lena Nymark i tillegg til å synge bidra med å spele på bassklarinett, fløyte og på ein nyinnkjøpt klarinett.

Rigging: Lena Nymark saman med musikarane Jo Fougner Skaansar, Dag-Filip Roaldsnes, Stig Harald Rennestraum og lydmennene Henning Svoren og Eyvind Magnus Solberg. Foto: Staale Wattø

– Eg har lenge følt at eg ikkje er flink nok musikar til opptre offentleg, men på denne plata har eg tenkt å utfordre meg til å spele fleire instrument. No tek eg mot til meg, og let det stå til, seier låtskrivaren, tekstforfattaren, vokalisten og musikaren i det ho bles godlyd ut av sin nye klarinett. I studioet på Giske blir det rigga til opptak. Til vinteren skal Lena Nymark si nye soloplate vere klar.