Veka som var låg SKRUK i treningsleir. Dei kuska òg rundt i turnébuss for å by publikum nokre utvalde smakebitar frå sitt rikhaldige, songlege koldtbord.
Denne gongen fekk lyttarane ei stor overrasking attpå: Artisten Mahsa Vahdat hadde teke turen eins ærend frå California.
I heimlandet Iran kan ho ikkje vere. Der ventar fem år i fengsel. Ho har nemleg sunge offentleg slikt som styresmaktene ikkje likar.
Nærare bestemt tekstar frå poetane Rumis Mathnawi og Hafez. Dei var aktive på høvesvis 1200- og 1300-talet, og er rekna som sentrale i persisk kulturarv.
Tinga dei til Istanbul
Lyttarar med minne og orden i sysakene vil kjenne att dette frå fleire utgjevingar, m.a. Erik Hillestad sin genistrek «Lullabies from the axis of evil» (2004). Ei helsing frå Kirkelig Kulturverksted til president Bush.
I 2010 gav SKRUK ut «I vinens speil». Mahsa Vahdat er å finne på båe, til liks med jazz-komponisten Tord Gustavsen.
Det er gjeve ut ei samling dikt i utval på norsk også, takk vere Vahdat og Hillestad.
No vil det seg slik at ein tyrkisk konsertarrangør har tinga både henne og SKRUK til Istanbul inn mot 1. mai. Han blar opp for alt og gjev endåtil koret honorar.
– Mahsa trekkjer fulle hus. Ho er eit verdsnamn for alle med røter i denne delen av kloden, peikar Per Oddvar Hildre på.
Dei ligg visst ikkje så langt etter, koret heller: Langt inne i Iran vart Erik Hillestad passa opp av eit songkor som lurte på om han kjende til SKRUK, ettersom han var norsk.
Utsolgt konsert på Moldejazz
– Det er godt å vere tilbake i lag med SKRUK-songarane. Eg set pris på fellesskapen, seier Mahsa Vahdat.
Kjærleik
Erik Hillestad har samarbeidd tett om dei norske omsetjingane.
– Då kan vi få same kjensla for stoffet. Eg oppdagar sjølv stendig nye lag i innhaldet som gjev meg rikare forståing, legg songstjerna til.
Bodskapen er reint ålmen-menneskeleg og tidlaus, som all lyrikk av verdsklasse. Kjærleik er eit viktig emne i dette repertoraret. I vidaste tyding.
– Dette har som kjend fleire vore opptekne av. Kven var det som sa «størst av dei er kjærleiken», spør Per Oddvar Hildre retorisk.
Når vi kjem til neste sommar, vert det SKRUK sin tur til å krysse Atlanterhavet og vitje eksil-iranaren i California for å turnere saman.
Skruk må sette opp enda en ekstrakonsert på Moldejazz
– Det har blitt etter måten ruskete innan både tyrkisk og amerikansk politikk i det siste?
– Dialogen lir, ja. Tilhøvet mellom USA og Iran vert verre og verre. I dette lyset skulle vi heller nærme kvarandre respektfullt og oppriktig.
Eg meiner kunst har ei viktig rolle i å sameine oss som menneske, seier Mahsa Vahdat.
Plateprosjekt
Ingeborg Mork Håskjold sit i leiinga av koret og gler seg stort over turneeane som er i emning.
Dirigenten som tør å gå i utakt
Mork Håskjold har ikkje vore med meir enn fem år, endå ho slektar på SKRUK frå alle kantar.
– Eg var redd for å øydeleggje minna frå oppveksten, der eg fekk vere med på så mykje kjekt.
Koristen kan skilte med både kulturskule og musikkline.
– Så heldigvis går det veldig bra.