SKRUK førebur konsertar både i Tyrkia og USA i lag med den iranske songstjerna Mahsa Vahdat

– Kunsten er i stand til å sameine over landegrensene

Når det dreg seg til rundt om, er det på tide å søkje saman. I songen, til dømes. Der er det meir som samlar enn som skil.

Verdsnamn på persisk Mahsa Vahdat har ei eventyrleg stemme og eit heilt spesielt nærvær, noko publikum under konserten i Brattvåg kyrkje fekk oppleve laurdag ettermiddag. Stjerna har turnert i Vesten sia midt på nittitalet. Ho er å finne på fleire plater i regi av Erik Hillestad og Kirkelig Kulturverksted. Mange av melodiane ho syng er anten sjølvskrivne eller rotfesta i persiske folketonar. 

Kultur

Veka som var låg SKRUK i treningsleir. Dei kuska òg rundt i turnébuss for å by publikum nokre utvalde smakebitar frå sitt rikhaldige, songlege koldtbord.