– Håpet er at statsminister Erna Solberg legg merke til songen, og at eg får ei form for dialog med henne, seier 22-åringen frå Barstadvika i Ørsta.

Jon Olav Sandal har laga musikk sidan tidleg ungdomstid, han har gått musikklinja på Volda vgs., og er ferdig med treårig musikkutdanning på Konservatoriet i Kristiansand. I Kristiansand har han også jobba som assistent i studioet til Christer André Cederberg, kjend frå rockebandet Animal Alpha.

Debutsingel

I dag gir han ut debutsingelen sin, «Hei Erna», på digitale strøymetenester som Spotify og Tidal.

Skummelt

For å få merksemda til statsministeren kjem den unge artisten til å bruke sosiale media flittig, og tagge Erna Solberg der han kan.

Han har flytta til Oslo, først og fremst for å satse på musikken. Men leve av musikken kan han ikkje enno, så han skal studere psykologi og ha deltidsjobb ved sida av.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Musikkvideo

Då han gjekk på Konservatoriet var Jon Olav Sandal ein del av bandet Låkt, men no har 22-åringen bandet JON OLAV.

– Vi har laga nok musikk til å fylle eit heilt album. Men vi konsentrerer oss om singelen i første omgang, og etter kvart kjem det også ein artig musikkvideo til «Hei Erna».

– Eg synest at tekstane i mykje av popmusikken som vert laga no for tida er overflatiske og utan noko spesielt innhald. Det vil eg gjere noko med. Det skadar ikkje ungdom eller andre om musikken dei høyrer på har ein tydeleg bodskap eller ei djupare meining som får dei til å tenkje, seier han.

Jon Olav Sandal med band har laga nok musikk til å gi ut ei heil plate, men dei konsentrerer seg om singelen «Hei Erna» i første omgang. Pressefoto Foto: Pressefoto