Solistkonkurranse under Fjord Cadenza:

Birgitta vann 40.000 kroner

Høgt nivå gjorde at juryen i år ikkje klarte å plukke ut ti finalistar.

Vinnar Birgitta Elisa Oftestad vann årets solistkonkurranse under Fjord Cadenza og stakk av med ein premie på 40.000 kroner, samt solistoppdrag i samband med festivalen i 2018.  Foto: Arnold Hoddevik / Fjord Cadenza

Kultur

Dermed var det heile 13 finalister som fekk opptre i finalen av solistkonkurransen i Gomerhuset laurdag kveld.

- Det vart ei fantastisk forestilling der 13 av dei største talenta i Norge fekk vist seg fram, seier Hallgeir Øvrebust som er styreleiar i Fjord Cadenza.

I løpet av våren og sommaren har utøvarar frå heile landet sendt inn opptak i håp om å få bli med i den gjeve finalen.

- Nivået var så høgt at juryen med Algimantas Treikauskas i spissen hadde problem med å velje ut dei ti som skulle gå vidare, fortel styreleiaren.

Vann 40.000 og solistoppdrag

Konkurransen er open, noko som vil seie at ein kan delta både som solist, stryk og blås i same konkurranse.

- Det er nettopp det som gjer at det er så spennande og vanskeleg. Yngste deltakar var 12 år og spilte piano, medan eldste var 19 år. I tillegg hadde vi god spreiing frå heile landet, hevder Øvrebust.

Det lengste strået var det Birgitta Elise Oftestad (Asker) på cello som trakk.

«Fragmentert forspill til Fjord Cadenza»

Publikum fikk servert en salig blanding av musikalske verker kvelden før kvelden.


Ho stakk av med ein premie på heile 40.000 kroner, samt solistoppdrag i samband med festivalen i 2018, medan andrepremien var på kr 20.000 og tredjepremien på kr 10.000 sponsa av DNB.

Nummer to og tre blei Oda Holt Günther (Kråkstad) på fiolin, og Sytske Pas (Elverum), Valthorn.

Satsar på talentutvikling

Solistkonkurransen er frå Fjord Cadenza si side ei satsing for å få fram talent.

- Konkurransen har utvikla seg til å bli ein arena som blir lagt merke til. Ikkje berre kan ein vinne pengepremiar, vinnaren får også mulegheit til å vere solist saman med eit stort symfoniorkester på neste års festival.