Størst interesse for avslutningskonserten i Gomerhuset

– Vi har ikkje finrekna på tala enno, men har ein god oversikt. Og ser generelt ei auke i interessa frå i fjor, seier styreleiar i Fjord Cadenza, Hallgeir Øvrebust, etter at den fire dagar lange festivalen for klassisk musikk tona ut i går.

Kunne selt langt fleire

Det var avslutningskonserten med Eva Weel Skram og August Schieldrop i samspel med Kaunas City Symphony Orchestra og musikk av festivalkomponisten Bertil Palmar Johansen, som trekte flest til festivalen i år.

– Gomerhuset tek nærare 350 publikummarar, men vi kunne ha selt ut konserten tre gonger, seier Øvrebust.

Medan opningskonserten, i år med den verdskjende fiolinisten Philippe Quint, uvanleg nok ikkje var heilt utseld.

Berre 120 i kyrkja

På intimkonsertane på Stavset skule og Nerskøyløa var det stappfullt, og flyttinga frå Ellingsøy kyrkje til Ålesund kyrkje fekk opp talet på publikummarar til det dobbelte.

Konserten i Ålesundskyrkja trekte likevel berre 160, mindre enn forventa i ei kyrkje med plass til 800.

Solisttalent

Interessa for den nasjonale solistkonkurransen til festivalen i Skodje er det i alle fall ingen ting å seie på, meiner styreleiaren.

Ut frå i underkant av 100 innsende Youtube-opptak plukka juryen ut 13 finalistar.

– Nivået på utøvarane, som kjem frå heile landet, var i år så høgt at juryen ikkje greidde å stoppe på 10, men tok med tre ekstra til konserten i Gomerhuset, fortel Øvrebust.

Solistkonkurransen er festivalen si satsing for å få fram talent. Vinnaren får ikkje berre ein pengepremie, men også høve til å vere solist med eit stort symfoniorkester på neste års festival.

Stor utfordring

Konkurransen er open, noko som vil seie at ein kan delta både som solist, stryk og blås i same konkurranse.

– Det er nettopp det som gjer at det er så spennande og vanskeleg. Yngste deltakar var 12 år og spilte piano, medan eldste var 19 år.

Vinnaren, som får vere solist med symfoniorkesteret neste år, er cellisten Birgitta Elise Oftestad frå Asker. I tillegg får ho 40.000 kroner.

På andreplass kom Ida Holt Günther (fiolin) som får 20.000 kroner og på tredje Sytske Pas (valthorn) som får 10.000 kroner i premie.

I år blei kyrkjekonserten flytta frå Ellingsøy til Ålesund. Det førte til fleire publikummarar, men ikkje fleire enn 120. Ålesund kyrkje tek 800. Foto: Arkivfoto