Energi og trykk kan vere stikkord for den åttande utgåva av Go With the Flø.

– Vi gjer så godt vi kan her på Flø, og i år lukkast vi igjen med ein god miks av storbykunst, DJ på dagtid og traktorkøyring, seier Opdal.

På Flø fekk kunstpublikummet sjå fotografi og ein skulptur inspirert av skodespelaren Emma Watson, kjent som Hermine i Harry Potter-filmane og som Belle i «Skjønnheten og Udyret».

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Full fart

– Kunstnaren har faktisk aldri møtt Watson, men han er fascinert av henne som eit ikon i vår tid. Eg har selt halvparten av bilda og er særs nøgd med det, seier Opdal.

Publikum og bygdefolk hadde elles fleire aktivitetar å boltre seg i, med gratis yogatime, rundballemåling, traktorkøyring og smykkeverkstad. DJ Mariann Rosa sørga for lydspora til opplevingane undervegs.

Årets Go With the Flø er eit samarbeid mellom Studio Hugo Opdal, Rod Bianco i Oslo og bygdefolket på Flø.

«Go with The Flø» i fjor: Kunstival med kulturmiks på Flø