– Velkommen til Fosnavåg konsert- og litteraturhus, var opningsorda som Torill Myren kom med til ein fullsett sal laurdag kveld. I helga utvida konserthuset i Fonsnavåg sin horisont med eit nytt konsept under namnet: Bok og beat. Eit samarbeid mellom konserthuset, Vestvang bokhandel og folkebiblioteket i Herøy.

Nye bøker

I arrangementets ånd var det naturlegvis litteraturen som låg som eit bakteppe. I rolla som bokbadar fann vi Torill Myren. På framifrå vis leia ho innsiktsfulle samtalar med forfattarane Trude Teige, Hans Olav Lahlum og Gunnar Myklebust.

Bokprat Torill Myren snakkar med Trude Teige og Hans Olav Lahlum. Temaet var krim og deira nye bøker.

Gunnar Myklebust presenterte si nye bok om motstandsmannen og krigshistorikaren Ragnar Ulstein. Han trakk spesielt fram krigshistorikaren si rolle som journalist i Bergens Tidende. Myklebust rosa jobben Ragnar gjorde med å fortelje historier til krigsveteranar som fann det vanskeleg å finne fest i freden, og korleis hans journalistiske teft gjorde ein forskjell for krigsveteranar.

Mat med personlege historier

Etter å ha utforska biografiens og krimlitteraturens univers, fekk publikum, bokstavleg talt, ein smakebit frå Morten Schakenda sin nye matbok: «Smakar det er verdt å ta vare på». Med velsmakande kanelsnurrar sendt med nattbussen frå Lom, fekk folk lære om bokprosjektet.

Gunnar Myklebust Har skrive bok om motstandsmannen og krigshistorikaren Ragnar Ulstein.

– Boka tek for seg matretter som har gjort sterkt inntrykk på meg i mi karriere. Det er alt ifrå tradisjonsmat frå heimstaden i Gjerdsvika til matminner frå tallause reiser og opphald rundt i verda. Frå Kina til USA, forklarar Schakenda til Sunnmørsposten.

I boka er det med ei personleg historie ved kvar rett som beskriv Schakendas forhold til retten.

– Det er to typar matbøker. Den eine er den du lager for å vise folk kva du har oppnådd, den andre er for bruk i heimen. Det er den sistnemnde kategorien denne boka skal vere i. Dette er smakar som eg vil at folk skal ta med seg vidare, fortel Schakenda.

Store delar av prosjektet er gjort på Skotholmen, ein stad der Morten også ynskjer å ha bokslepp når boka er på plass i løpet av oktober.

Morten Schakenda med ny kokebok: Deler smakar frå Gjerdsvika og Bagatelle

Beat til bøkene

Full sal Arrangementet såg ut til å falle i god jord hos dei frammøtte. Her lyttar dei til Holum Trio.

Som tittelen på arrangementet lova, var det også musikk under heile seansen. Den var det trompettrioen Holum Trio som stod for, med lokalguten Vegard Holum i spissen. Dei baud på melodiske jazzrytmer frå sitt debutalbum «Heim» inspirert av Sunnmørsk natur. Noko som falt i god jord hjå publikum.

Meirsmak

– Vi er veldig nøgde med kvelden, det kom mykje meir folk enn vi turte å håpe på, forklarer Karete Kleven Johannessen, ein av personane bak initiativet.

Ho meiner at arrangementet, likeins som med kanelbollane til Schakenda, freista for gjentaking.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet