Tenortalent frå Eiksund:

Bror Magnus Tødenes skal på juleturné på Sunnmøre

Han er nettopp blitt nominert til eit millionstipend og har avtaleboka full. No skal operasongaren Bror Magnus Tødenes pendle mellom store symfoniorkester og nedstrippa kyrkjekonsertar, for å synge jul og nyttår inn.

Full fart I slutten av november syng Bror Magnus Tødenes i «Messias» med Oslo-Filharmonien. Så blir det julekonsertar på Sunnmøre i perioden 30. november til 9. desember. Så «Messias» igjen i Gøteborg, så ein rask tur til Eiksund for å pakke opp julegåver, før nyttårskonsertar i Malmø og København. 

På Sunnmøre kjenner eg folk overalt, og eg likar å halde konsertar ute på bygdene

Bror Magnus Tødenes
Kultur

I går blei det klart at 24-åringen frå Eiksund på Sunnmøre er ein av fem nominerte til Statoil sitt talentstipend for klassisk musikk.