Etter månadar med førebuing var dei endeleg klare. I Sula frikyrkje samla barne- og ungdomskoret full sal søndag kveld. Laurdag var det konsert i Pinsekirka på Moa.

Blant songane som blei framført var juleklassikarar som «Høyr kor englar syng frå sky», «Holy Night» og «Deilig er jorden». I tillegg blei det framført fleire andre mindre kjente soulinspirerte julesongar.

Det var fleire unge talent som fekk prøve seg med mikrofonen i løpet av konserten. Mellom anna hadde Mathias Myklebust Barstad (19) og Mia Charlotte Skoge Nøringseth (17) ein duett saman.

100 songarar

Barne- og ungdomskoret har rundt 100 songarar i alderen 11 til 19 år. Dette er unikt sidan det ofte blir delt inn i eit barnekor og eit ungdomskor som syng kvar for seg.

Nokre av dei eldste i koret var og dirigentar.

Dei som leiar koret meiner det er viktig at dei eldste som har vore med lenge og har mest erfaring, lærer vekk og hjelper fram dei som er yngre. Dette er både for å lære og for å oppmuntre kvarandre. Samspel er viktig for Aalesund Soul Children.

Utfordrande

Å vere 17 år gamal og dirigent i eit kor på 100 unge med fullt band, kan vere utfordrande. Men dei unge dirigentane Rachel Benda (21), Ingrid Skjong (17), Mia Charlotte Skoge Nøringseth (17) og Karoline Myklebust Rekdal (17), levde opp til oppgåva.

Hovuddirigent for koret er Vidar Åsebø. Han let dei unge dirigentane sleppe til og vekse med oppgåvene, samtidig som han alltid er til stades for å støtte dei unge.

På nokre av dei største nummera var han med som sjefdirigent.

Aalesund Soul Children har mange gutar som har vore med i mange år, og fleire av desse var solistar. No står koret framfor eit generasjonsskifte. Dei håpar å få inn nye engasjerte gutar som vil bli med i koret.