(Vikebladet/Vestposten): Tirsdag kveld vart det klart at han også er vinnaren av årets stipend.

Han vil få utdelt ein million kroner fordelt over fire år.

Til NRK seier operastjerna frå Eiksund at han vil bruke pengane på å lydisolere eit rom i leilegheita (så han ikkje plagar naboane med synginga si).

Han vil også bruke pengane på songtimar i New York og å reise på auditions utan å ha dårleg samvit.

For det kostar å satse på eit talent, så desse pengane kjem godt med.

Hans livs største oppdrag

Tødenes har eit tettpakka program. Men til NRK at han gler seg ekstra mykje til å spele hovudrolla i Mozarts "La clemenza di Tito" i Praha. Det kaller han for sitt livs største oppdrag hittil. Torsdag i neste veke kan du høyre han syngje i Ulstein kyrkje. Laurdag same veke syng han i Herøy kyrkje.

Denne saka vart først publisert i Vikebladet