Rekordmange stemte i dagens program, og det vart veldig jevnt til slutt.

Og av dei to var det Andrea som sto igjen som vinnaren.

- Det har vore fantastisk å vere ein del av dette, tusen takk til alle som har stemt sa Elise da det var klart at ho rauk ut av programmet.

Elise er oppvaksen på Remøy i Herøy, men bur i dag i Fosnavåg og er mamma til to barn på tre og åtte år.

Med sine 16 år er Andrea Santiago Stønjum frå Måløy yngst i semifinalen.

– Likevel vil eg vel seie at eg er driven som vokalist. Eg har sunge sidan eg var sju, og sjølv om eg før The Voice berre hadde opptredd lokalt, har eg sunge både på festivalar, på kyrkjekonsertar og under fleire andre ulike arrangement, fortel ho.