Kjellen ute med julelåt

Skapar førjulsstemning på bare vegar.
Kultur

(Møre-Nytt) Kjell "Kjellen" Bigset er klar med rykande fersk julelåt, og ønsker ei velsigna førjulstid. I denne låta set han ord på mange av dei utfordringane mange møter i juletida, og hevdar sjølv at dette er den "viktigaste julemusikkutgjevinga sidan Dizzie Tunes si juleplate på 70-talet".

- "Fred og Ro" står på ingen måte tilbake for "White Christmas" heller. Snarare tvert imot, seier Kjellen.

Låta er skriven av Ørjan Liavåg og Thomas Ryste. Både Kjellen og dei andre karakterane i Thomas Ryste sitt Klypa-univers er opptekne med innspurten av showspelinga i Bergen.

Denne saka vart først publisert av Møre Nytt.