– Eg blir nesten rørt når eg sit her og kjenner den fine varmen, seier finnen som gifta seg, tok etternamnet Hoel og busette seg i Valldal for tjue år sidan. Heime har ho sjølvsagt badstove, men med elektrisk oppvarming.

– Det er noko heilt anna. Med elektrisk omn blir varmen hard og skarp, men med vedfyring blir den rund og mjuk. Berre kjenn etter, seier Eija Birgitta Hoel til dei sju damene som har benka seg i saunavarmen denne fredagskvelden før jul. Hit til det nybygde badehuset ved Meretes Garden i Valldal har Linda Myren, Hege Kristin Hansen, Elin Tafjord, Nina Grøndahl, Turid Jarvik, Bodil Waldal og Kristin Storstein kome for å teste det nye tilbodet i bygda, og roe litt ned no i førjulstida.

Om felles julelaug for dei blir like fast førjulsritual, som det saunatradisjonen er for finnane, kan dei ikkje love. Men akkurat no stenger dei omverda ute.

– Det er herleg med litt kvardagsluksus. Her er det ikkje snakk om verken julekaker eller ungar som skal køyrast hit og dit. Det gjer godt med ein liten pause frå alt, sukkar Kristin Storstein i det ho strekkjer på kroppen og snur andletet mot varmen som strøymer frå bjørkeved i full fyr.

– Eg har vore på Moa og kjøpt ny støvsugar i dag, så eg skulle ha vore heime og dura rundt med den. Men her sit eg, smiler Elin Tafjord.

Badedamer i Valldal.

– Og eg skulle ha hjelpt til med kveldsstellet i fjøsen, men her sit eg, kjem det kjapt frå Linda Myren.

– Håpet er at varmen klarer å løyse opp den vonde nakken min, legg ho til.

– Ei herleg kjensle av velvære som sat i lenge. Det fekk eg sist eg var her i saunaen. Då hadde eg babyhud på heile kroppen i minst ei veke. Det håper eg å få i dag også, fortel Hege Kristin Hansen og stryk seg over armane der sveitten sprett.

– Babyhud? Det gler vi oss til, men det skal vel mykje til å få det på kroppen, kjem det muntert frå pensjonistane i flokken.

Nina Grøndahl lurer på kva slags hud ho kjem til å ha etter si andre baderunde denne dagen. I lunsjpausen tok ho eit bad i Norddalsfjorden, som målte sju grader, og no sit ho i saunaen som held 50–60 varmegrader.

– To heilt ulike opplevingar, slår ho fast.

– Under sjøbad får kroppen sjokk, og skrur på alle varmeelementa på ein augneblink. Og så kjem den gode avslappa kjensla når badet er over og eg er vel på land. I sauna er det meir ro, og den gode avslappa kjensla kjem meir sigande. Og sauna gir tid til refleksjon, meiner Nina.

Ingen klaus

– Ja, det er sant. Det er fint å berre sitte her i lag, kjenne varmen spreie seg frå topp til tå, og sveitten som renn og prate litt alvor og litt tull, seier fleire av damene som ikkje har vore i badstove på mange år.

– Eg har ikkje likt å ta badstovebad. Dei små og tronge badstovene har gitt meg kjensle av klaustrofobi, men her er opplevinga noko heilt anna. Det skuldast nok det store vindauget som fyller heile den eine saunaveggen, og gjer at det ikkje følast trongt og kvelande her i saunaen. Her kan eg sitje varmt, og godt og sjå ned over dalen, Valldøla som renn, snøfokk og anna ver og vind. Utsikta er ikkje den beste i kveld, for no er det mørkt ute. På dagtid er det mykje å sjå, seier Bodil Waldal som får attkjennande nikk frå fleire som kjenner det på same viset.

Karar i badstua Kristian Gjerde,Erlend Ringstad, Nikolas Forsmark og NIls Jarle Hjelmee

– Det fine er at vi ser ut, men ingen ser inn. Det er både ei mark, ein skog og ei elv mellom badehuset og bilvegen opp dalen mot Trollstigen. Så her kan vi sitje usett som høner på vagl, blir det vitsa mellom latterbrøl og muntre replikkar.

– Ja, tanken er at saunaen skal gi både utsikt og innsikt, forklarer Merete Myklebust. Nyleg tok ho i bruk det 105 kvadrat store, nybygde badehuset som den siste investeringa ved det nedlagde gartneriet på Døving. Det har ho gjort om til eit senter for yoga, spa, meditasjon, massasje og no sauna. Badehuset inneheld, allrom, sauna med plass til tjue personar, stort bad, toalett, garderobe, eit overnattingsrom og behandlingsrom for massasje og samtalar.

– Med badehuset har eg eit komplett tilbod til fastbuande, sommargjestar og andre som kjem hit for oppleve fred og ro tett på den flotte naturen her i Valldal, seier drivaren av staden i det ho sprett opp frå saunabenken.

Ut i snøen

Avkjøling Damer som avkjøler seg i snøen ved Gullåna badehus i Valldal. Frå venstre; Kristin Storstein, Hege Kristin Hansen (ligg rett ut), Merete Myklebust og Elin Tafjord. Foto: Marius Simensen

– No damer, er det tid for nedkjøling. Og hugs å drikk vatn. Når dykk sveittar er det viktig å tilføre kroppen veske slik at ein unngår å bli dehydrert, forklarer Merete og kommanderer oppheita damer ut av saunaen for å ta ein kald dusj, la seg senke ned i badekaret fylt med kaldvatn eller aller helst ein rask tur ut for å rulle seg i snøen.

– Det er denne vekslinga mellom det varme og kalde som er vitsen med sauna. Det får fart på blodomløpet, og slik kvittar kroppen seg med stress og avfallsstoff, forklarer ho medan damene kjøler seg ned med hyl og skrik.

– Friskt. Det var eigentleg ikkje så fole kaldt å rulle seg i snøen, eller senke seg i iskaldt badekar, fortel Kristin Storstein i det ho spurtar inn i saunavarmen etter fleire nedkjølingsrundar.

Nedkjøling Kristin Storstein lar seg senke ned i badekaret som er fylt opp med kaldt vatn. Foto: Marius Simensen

Der inne i varmen står finnen Eija Birgitta Hoel klar med sitt bjørkeris.

– Vi finnar piskar oss med bjørkeris for å få reinse oss, få bort daude hudceller, auke blodsirkulasjonen og velvære. Det gjer ikkje vondt, forsikrar ho og fortel at bjørkeris innehald eteriske oljar som lindrar muskel- og leddsmerter.

– Bjørk gir god lukt i saunaen, og har helsefremmande effekt. Sauna reinsar både kropp og sjel.

Allrommet Frå venstre LInda Myren, Hege Kristin Hansen, Elin Tafjord, Nina Grøndal,, Turis Jarvik og Kristin Starheim

Gamal tradisjon

Felles julelaug er ingen ny tradisjon på Sunnmøre. Det nye er at julelauga føregår slik som hos damene i Valldal, og blant andre venninnelag og karaklubbar i bygd og by som samlast til bad og sosial hygge no føre jul.

– Det vanlege var at heile familien lauga seg til jul. Heilt fram til tidleg på 1900-talet var det ingen kultur for å ta full kroppsvask meir enn ein til to gongar i året. Men heilt inn i jula, gjerne på veslejulaftan var det tid for julelaug rundt om på gardane. Då varma dei vatn i svære gryter, og heile familien vaska seg i badestampen som var plassert nær eldstaden. Det fortel Per Sæther. Den pensjonerte konservatoren ved Sunnmøre Museum legg til at det verserte to ulike «reglar» for julelauget rundt om på gardane på Sunnmøre.

Tradisjon Per Sæther fortel at felles julelaug har lange tradisjonar på Sunnmøre. Foto: Nikolas Birkevold Farstad

– Nokre stader var det vanleg at borna fekk bade først, så dei vaksne og til slutt tenestejentene. På andre gardar var det bonden og bondekona som først fekk nyte det varme badevatnet, så borna, og til slutt tenestejentene. Alle saman bada i same vatnet, fortel Sæther. Det at mange personar tok julelauget i eit og same badevatn, er utenkjeleg i våre dagar med mengder av varmt vatn rennande frå kraner.

– Ikkje særleg hygienisk, men ressurssparande, humrar konservatoren.

– For vel hundre år sidan var julelauga svært arbeidskrevjande,- først måtte vatn berast inn, og varmast opp over open eld. Mykje vatn og fyring måtte til for å fylle badestampen. Varmevatnet måtte nyttast godt. Slik vart det julelaug for mange.