NRK-serien som er spelt inn i Ulsteinvik og omegn:

«Heimebane» får verdspremiere i Berlin

«Heimebane» skal visast i kategorien for TV-seriar under Den internasjonale filmfestivalen i Berlin.

PÅ PLASS I ULSTEINVIK   Foto: Nils-Harald Ånstad

Kultur

(Vikebladet Vestposten) Mellom 15. og 25. februar går Berlinalen, eller Den internasjonale filmfestivalen i Berlin, av stabelen i den tyske hovudstaden. Med tanke på talet på besøkande blir festivalen, som går over 10 dagar og der det blir vist over 400 filmar og seriar, rekna som den største i verda.

At serien, som er spelt inn i Ulsteinvik og omegn får premiere her, er unikt i norsk samanheng.

– Vi er den første norske serien som har kome inn dit, og det å få moglegheita til å ha internasjonal premiere under Filmfestivalen i Berlin er stor stas, seier produsent for TV-serien, Vilje Kathrine Hagen, i eit intervju med NRK.

«Heimebane» er ein dramaserie produsert av Motlys og NRK. Serien har premiere på NRK i mars, og handlar om Norges første kvinnelege fotballtrenar på toppnivå. Ane Dahl Torp og John Carew har hovudrollene i dramaserien.