Ein dramaserie som handlar om at ei kvinne får trenarjobb i eliteserien kunne fort blitt ei klein oppleving. Ikkje fordi tanken er klein, men fordi fallhøgda er stor når ein vel eit scenario som ein ikkje kan spegle i verkelegheita.

Når ein plussar på at kjende skodespelarar skal bere ei anna dialekt enn si eiga kunne dette fort blitt endå meir kleint. Og for oss sunnmøringar kunne dette blitt trippelt kleint av at ein gjeng austlendingar kom til vår heimebane, vårt territorium, for å tolke oss. Men, hald deg fast, dei har greidd det. Heimebane er ein dramaserie som på same tid er spanande, engasjerande, samfunnsaktuell og morosam.

Ulsteinvik country style

For å byrje med byrjinga: Serien viser klasse allereie i introen, som det smakar HBO og Netflix av. Den countryinspirerte låten er ispedd brøl frå ein fullsett fotballstadion. Country, er det Ulsteinvik? Ja, kvifor ikkje? I alle fall gjer både bilda og musikken assosiasjonar til ikkje berre fotball, men også småbyliv, natur, vilje, tradisjon, og pasjon. Og det er vel Ulsteinvik godt som noko.

Musikkbruken er dessutan god serien gjennom. Den framhevar der den skal, dempar der den skal, og gjer i det heile at ein får meir patos inn i serien.

Elles har Ulsteinvik ei eiga rolle i serien. Serieskaparane komprimerer Ulstein og omland på eit vis som gjer staden ekstra flatterande. Sjølv i ruskevêr.

Dialekt

Det å høyre til – geografisk, historisk og sosialt er ein av fleire gjennomgangstema i Heimebane. Difor, vil eg tru, har også manusforfattar Johan Fasting gjort dialekt til ei viktig del av karakterane. Ane Dahl Torp, i hovudrolla som fotballtrenaren Helena, viser seg nok ein gong som ein gjennomsyra god skodespelar. At ho ikkje er trønder på ekte, er gløymt i løpet av nokre få minutt.

Då skurrar det dessverre meir med den lokale verftseigaren Bjørn, i Bjarte Hjelmeland sin skikkelse. Sunnmørsdialekta er ikkje overbevisande hos han, men for serieskaparane er det ei trøyst at dette knapt vil merkast av andre enn oss lokale.

Både Hjelmeland og resten av besetninga står elles for mykje god rolletolkning. Sportsleg leiar av den fiktive fotballklubben Varg, Espen, spelast av Morten Svartveit og han imponerer stort. Det same gjer Emma Bones i rolla som Helenas dotter Camilla.

Fine rolletolkningar får vi òg frå lokale biroller. Her kan Rune Sæter, som spelar leiar for supporterklubben, Karoline Isaksen, som spelar kontormedarbeidar i fotballklubben og Thor-Ivar Forsland (bra dialekttolkning!), som spelar supporter nemnast. Per Jan Vinje har ei artig birolle som «materialforvaltar».

Artige, men viktige, biroller, har òg to yngre lokale skodespelarar i Endre Synnes Hagerup, som spelar Camilla sin ven og Josefine Hove, som spelar ungjenta som forelskar seg i fotballstjerna Michael Ellingsen. Sistnemnde i ei rolle tolka av John Carew. Her gjer Carew ein truverdig innsats.

Livet

For sjåarane er det likevel ikkje nok verken med gode skodespelarar (det kjem fleire av dei utover i serien) eller kjendisfaktor. Historia må vere god, og det er her Heimebane har sitt største pluss.

Denne historia handlar om mykje. Ramma er eliteseriefotball, og ein får nesten kjensla av å få vere floge på veggen i eit ekte fotball-lag. Kven har eigentleg makta, kven sitt ansvar er det om ein kamp blir tap eller seier, korleis er det å vere «trenar på nåde»? Alt dette er spørsmål som problematiserast.

Likevel handlar serien om mykje meir enn fotball. Den handlar om kjønnsroller, metoo, om det å hetse og takle hets, om misunning, draumar og krav. Sagt litt svulstig handlar Heimebane om livet. Og det er det som gjer den så bra.

Gjennomgåande går fleire spor, og som sjåar blir du nysgjerrig på kva som har skjedd i fortida og kva som kjem til å skje i framtida. Eit av dei viktigaste spora er historia til Adrian, eit ungt fotballtalent, som kjem inn i Varg. I historia hans ligg såre ting og ulmar som vi blir nysgjerrige på. Adrian er spela av Axel Bøyum, ein skodespelar som har ei nær magisk tiltrekking på publikum.

Ein godtepose

Alt i alt, i Heimebane går det vare, harde og morosame hand i hand. Det tek ikkje lang tid før du blir glad i karakterane. Så berre gled deg, dette er ein godtepose av ein dramaserie. Og berre for å understreke: Denne meldaren er av det lite fotballinteresserte slaget, kven som vinn og tapar kampar i eliteserien er til vanleg noko eg bryr meg fint lite om. Men når eg såg på denne serien brydde eg meg, og det seier sitt.