Det fortel Sigrid Brandal Sværen og Tuva Rønning Salen, som fredag deltok på UKM i Sulahallen. 14-åringane har delteke tidlegare på UKM, men dette var fyrste gongen i lag.

– Vi har songe ein del i lag, men dette var fyrste gong på ei UKM-scene. Vi synast det gjekk bra og det var veldig kjekt, så dette gjer vi til neste år også, fortel dei og smilar fornøgde.

Bra oppslutning

I alt 72 deltakarar var påmelde. Det var 13 sceneinnslag og sju personar stilte ut kunstverk.

– Antall påmeldte og innslag er vi ganske fornøgde med, og dette er nok eit av dei betre åra for UKM i Sula, fortel Tone Fiskerstrand, som er ein av dei ansvarlege for arrangementet.

Inspirerande

To av dei som stilte ut kunsten sin var Michelle Bø Nevstad og Ingunn Solevåg. Dei laga bilde både med fargeblyant, akryl og akvarell, men eit av dei hadde dei laga i lag til denne utstillinga. Dei to 18-åringane er erfarne med UKM og har delteke fleire gongar.

– Eg tykkjer det er så kjekt med UKM. Det er veldig inspirerande, for eg får treffe andre som er interessert i det same som meg sjølv, fortel Ingunn Solevåg.