– Førebels har eg ikkje noko plateselskap i ryggen, og sjølv om eg så langt altså har ordna det på eiga hand, vil eit selskap heilt klart bli ønskt velkomen.

Det seier 22-åringen dagen etter den o store dagen. Dagen då han vart kåra til Urørt 2018 på P3 – i finalen stemt fram halvt om halvt av jury og publikum.

Har vore i studio

– Du feira med konsert saman med dei tre andre finaledeltakarane?

– Ja. Og det vart også litt anna feiring og seint før eg kom meg i seng. Likevel etter forholda roleg, seier Sandal.

– Kva skjer vidare?

– Det veit eg ikkje heilt enno. Vi skal spele ein del konsertar og gi ut litt meir musikk. Det siste der kan eg førebels ikkje kommentere ytterlegare, seier han. «Vi» er i tillegg Pål Gunnar Dale, Edvard Sundquist, Jardar Østbø Juberg og Auver Gaaren – det faste bandet til Jon Olav.

– Eg vart kjent med dei to første der då eg studerte nettopp i Kristiansand, legg han til. Med song som instrument har han ein bachelor i utøvande rytmisk musikk frå Universitetet i Agder. Han var ferdig utdanna i fjor og flytta etter dette til Oslo, men er eigentleg frå Barstadvik i Ørsta.

– Ei perle av ei bygd og ein flott plass å vekse opp. Men akkurat no, når eg er i den fasen eg er i der eg prøver å etablere meg som musikar, var det ikkje rett for meg å bu der, seier Sandal. For å ha ei fast inntekt i botnen jobbar han for tida halv stilling ved callsenteret til Scandic Hotels.

Lærte å spele gitar av mormor

Den ferske Urørt-vinnaren fortel at det alltid har ligge litt i korta at det var musikk han skulle drive med.

– Mormora mi – Lidun, lærte meg å spele gitar då eg var fem-seks år gamal. Sidan har det balla på seg, og sjølv om pappa kanskje hadde håpa eg skulle følgje i fotspora hans som anleggsgartnar, trur eg han ser at eg er på rett hylle no.

– Sei litt om det å vinne Urørt. Sjølv om det gir merksemd, følgjer det korkje pengar eller platekontrakt med.

– Det er stort. Veldig stort. Aller mest fordi det er så mange som har stemt på meg. Den tilbakemeldinga, at folk likar musikken min, den betyr mykje.