Ifølgje arrangøren vart premiereframsyninga på Vartdals- revyen 2018 utseld på under halvtimen. Det er i så fall mykje kortare tid enn det tok å sløkkje brannen i eit ikkje fast busett bustadhus før jul i fjor. Det synte seg nemleg at brannmannskapa fullstendig mangla tilgang til sløkkjevatn. Dei vart ståande og halde på tomme slangeendar i timevis, medan kåken fekk brenne ukontrollert ned.

Ei rekkje instansar har seinare fått ansvaret for vassmangelen. Slikt blir det raskt revystoff av. I alle fall når alt gjekk bra til slutt. Men det var på hengande håret. Ein vindpust ned dalen var alt som mangla for å setje grannetun, folk og fe i fare.

– Treng ikkje vere frå Vartdal

Revysjef Thomas Sætre lovar langt meir enn brann og vassløyse til publikum på revyen. Mellom anna får det uante konsekvensar når ein viss sambygding og statoilsjef Eldar Sætre mengjer seg med dei store karane.

– Ein treng ikkje vere frå Vartdal for å kjenne seg att i det som skjer på scenen. Vi har både lokale, nasjonale og internasjonale tema, lovar revysjef Sætre. Han kan vidare fortelje at dette er den tolvte revyen etter den første, som var i 2000. Vartdal frilynde ungdomslag er som før arrangør, og forsamlingshuset Soltjeld er som før staden der det skjer. Revyoppsetjinga «Fyr og flamme» vert regissert av Rune Aarseth, og har i alt 30 personar i sving, bak-, på- og rundt scenen. Revyen kan skilte med eige orkester, også det som før.

Gamlekarane – dei også

Om det vert eit stovereint nummer eller ikkje er uråd å seie på førehand. Men nokre av gamlekarane i revysamanheng vert meldt å vere på retur til scenen, og då med «#metoo» som tema. Kanskje «#wetoo»? Kva kan dei å bidra med? Det får den som møter opp på ei av framsyningane til Vartdalsrevyen sjå og høyre. Førestillinga har premiere laurdag den 10. mars og varer i to timar.