Det meiner førsteamanuensis i norsk språkvitskap ved Høgskulen i Volda, Stig Helset.

På oppfordring frå Sunnmørsposten har språkvitaren sett dei første episodene av «Heimebane», der både «klubbleiar» Morten Svartveit og «verftseigar» Tangsrud er med i fleire scener.

Diskusjonane har gått høgt når det gjeld bruken av dialektar i NRKs nye snakkis, søndagsserien «Heimebane» om den fiktive fotballklubben Varg spelt inn i Ulsteinvik. Blant andre har Ane Dahl Torp, som spelar den nye trenaren til det nyoppryktte eliteserielaget, fått tyn for trønderdialekta si i serien.

Godt utgangspunkt

Mange av skodespelarane i serien er sunnmøringar. Bjarte Hjelmeland kjem frå Bergen og Morten Svartveit frå Voss, og har dermed gått inn for å lære seg «stammespråket».

– At begge kjem frå Vestlandet, gjer at dei har tatt det vi kan kalle dialekten på søre Sunnmøre ganske bra.

– Tonefall og setningsmelodi er nemleg det første vi legg merke til når vi høyrer folk snakke. Og alle vestlendingar har det vi kallar høgtonedialekt, det vil seie at det er det den trykksterke stavinga i eit ord som har den høgaste tonen, medan tonen søkk i den trykksvake stavinga – i motsetnad til austlendingar, som har lågtonedialekt.

At dei ikkje i utgangspunktet har tjukk l som på Austlandet, eller sørlandske bløte konsonantar, er også til hjelp.

Har rette r-en

Det desse to skodespelarane er flinke til er den harde tungspiss-r-en, sjølv om dei i utgangspunktet skarrar begge to, meiner Helset. Og dei er gode på såkalla e-mål, eller e-infinitiv, som når Hjelmeland seier å vete, i staden for å veta.

Svartveit er god på pronomen, han seier ej, dej og dokke.

Hjelmeland overtyder med å seie dokke, ne og nå (hånå), i stadenfor henne og han. Og dei er gode på palatalisering: dei seier te’kje, og tru’kje.

Begge brukar kjeme i staden for kjem, og Hjelmeland seier haure eller heure, i staden for å hørte (diftongering).

Glipper

Som austlending irriterer du deg neppe over korleis desse to snakkar. Eller høyrer nokon skilnad mellom «dialektane» til desse to og dei innfødde som er med i serien, trur språkvitaren.

– Men vi som bur her høyrer det når Hjelmeland seier me og de i staden for mej og dokke, da for då og fra for frå. Eller kvær for kvar, kem i staden for ken, eller lange for longe.

Eller når Svartveit seier gla’ for glade.

Overnynorsk

– Begge to hamnar av og til utpå med de vi kalla overnynorsk, dei seier kjærleik i staden for kjærligheit. Det kan godt være fordi Svartveit no er tilknytta Det Norske Teatret, som snakkar standardisert nynorsk, og at Hjelmeland har noko av same bakgrunnen.

Ingen av dei har bortfall av n-lyden, at dei til dømes seier bile og båte i staden for bilen og båten. Dette særmerkte dialekttrekket vaks fram på delar av Søre Sunnmøre i siste halvdel av 1800-talet, men er på veg ut mellom dei yngre i området no, presiserer Helset.

Fell igjennom

Alt i alt greier Svartveit seg temmeleg bra, Hjelmeland nokså bra, synest han.

– Reint skjønnsmessig: At Hjelmeland overdriv veldig i enkelte parti, mens han i andre seier da og fra, gjer nok at han fell igjennom for lokale sjåarar. Men for resten av landet spelar ikkje dette nokon rolle, meiner Helset.

At Hjelmeland og Svartveit begge er vestlendingar gir dei god drahjelp, meiner språkvitar og sunnmøring Stig Helset. Foto: Privat