– Vi hadde ein god coach til å hjelpe oss, Rune Sæter som spelar leiaren for supporterklubben. Sæther kjem frå dette området.

– For kvar episode leste han inn mine replikkar, som han sende til meg på lydfil. Så var det å gå i gang med å øve. Det var ei spennande utfordring, seier bergensaren.

Hjelmeland laga han seg eit system der han skreiv replikkane med lydskrift i manus, med bruka av fargekodar.

– Eg utvikla på ein måte dialekta mens eg jobba. Eg samanliknar prosessen med det å fylle opp ei flaske, når det er fullt så snur du flaska på hovudet, og så kjem det ut, det som kjem ut.

– Det er nok ikkje rein Ulsteinvik-dialekt, men eg har fått mykje gode tilbakemeldingar på måten eg har løyst det på, seier Hjelmeland, som spelar verftseigaren og sponsoren Bjørn Ove Tangsrud.

Kjempegøy

– Ei av utfordringane var at eg som bergensar har ein annan tone i botn, fortel han.

Og det var lydane som skilde seg frå hans eigne som var vanskelegast.

– Til dømes ville eg sjølv ha sagt: «– Eg hørte du hadde nokken problem», mens dei i Ulsteinvik seier «– Hæure du hadde nokre problem».

– Og så er dette «’nå», eller «hånå» i staden for han. Og d- ane, som glade i staden for å vere gla’, eller leide i staden for lei. Den d-en merka eg med raudt i manuset, fortel Hjelmeland.

– Er du fornøgd sjølv med korleis du har løyst det?

– Fornøgd er noko eg prøvar å ikkje drive så mykje med. Men eg synest dette er kjempegøy, og er det nokon som synest det er bra er jo det kjekt, seier Hjelmeland.

«Steikje bra»

Han er ikkje blitt freista til å bruke sunnmørsuttrykk i eigen daglegtale, pugginga til trass. Ikkje ein gong ordet «steikje bra».

– Det overlèt eg til materialforvaltaren Eddie, seier Hjelmeland.

Om trønderen Helena kjem til å seie det i løpet av sesongen, vil han ikkje ut med.

Han likar rollefiguren Tangsrud godt.

– Han er ein mangefasettert figur. Ein slesk, men sjarmerande sjarlatan, som etter kvart viser også ei anna side av seg, industrieigaren som har mange under seg, og som tek ansvar, seier Hjelmeland.