Kvinner dominerer Dei nynorske festspela

Sigrid Moldestad: Den stadig meir etterspurde artisten frå Breim har nok med fela si og bogen, til Dei nynorske festspela i juni. 

Kultur

Festpeldiktar Marit Eikemo, biskop Kari Veiteberg og artistane Sigrid Moldestad, Frida Ånnevik og Herborg Kråkevik.

Jau, Dei nynorske festspela kan skilte med ei sterk kvinnerekkje når dei dreg i gang årets fest og spel den sjuande juni – og held det gåande til og med den tiande. Festspela er med andre ord framskunda med eit par veker i høve tradisjonen. Hovudtema i år vert identitet.

– Kor avgjerande er språket ditt for at du er den du er? Dette spørsmålet skal kanskje få eit svar i løpet av Festspeldagane. Folka bak Festspela har elles valt Marit Eikemo som årets festspeldiktar. Ho kjem med ny roman no i april med tittelen «Gratis og uforpliktande verdivurdering». Temaet er kjøp og sal av hus – no altså som roman. Også ei rekkje andre spennande personar kjem og bidreg under Festspela 2018.