(Vikebladet:) – Ja, det har vore ein krevjande prosess. Så får andre avgjere om eg har fått det til eller ikkje, seier Svartveit, som denne veka er tilbake i Ulsteinvik for å starte opptaka til sesong 2.

Svartveit er frå Voss og tok teaterutdanning ved Russian Academy of Theatre Arts. Dei siste åra har han vore tilknytt Det Norske Teatret.

Gode tilbakemeldingar

Då Morten Svartveit fekk rolla i «Heimebane», fekk han beskjed om at rollefiguren skulle vere frå Ulsteinvik.

– Då tok eg kontakt med kollega Rune Sæter, som er herifrå. Han har vore til veldig stor hjelp når eg skulle lære, fortel Svartveit.

– Eg sende manus til Rune, som las inn alle replikkane mine. Så dei har eg lytta til, gått med dei på øyret heile tida, for å seie det slik. Men eg kunne ikkje berre kopiere Rune, eg måtte gjere replikkane til mine eigne. Så vi har hatt nokre samtalar, der vi har øvd på sunnmørsken. Han snakka, eg prøvde, han lo og retta, eg prøvde meir. Rune er lærar og ein veldig god pedagog, så etter kvart følte eg at fekk god sjølvtillit på dialekta. Og sjølvtillit er bra for å kunne improvisere og for å vere truverdig.

– Kva tilbakemeldingar har du fått?

– Eg likar ikkje å skryte av meg sjølv, men eg har faktisk berre fått gode tilbakemeldingar.

– Lært av Nevstad

Rolla som klubbleiar Espen Eide meiner han passar bra.

– Eg vaks opp i Fotballklubben Voss, faren min var til og med formann der i nokre år. Sjølv spelte eg fotball til eg var nitten, så eg føler at eg kjenner fotballmiljøet godt.

At mange synest han liknar på Mr. Hødd, sportssjef André Nevstad, tek han som eit stort, stort kompliment.

– Eg har møtt han éin gong, det var då Hødd spelte sin første heimekamp i fjor vår. Han tok seg tid til å prate med meg. Den samtalen gav meg mykje, spesielt då han snakka om verdiane til Hødd. Det har eg teke med meg inn i rolla, seier Svartveit, og held fram:

– Nevstad snakka om klubben sin plass i lokalmiljøet, at nesten alle ungdomane er innom klubben i løpet av oppveksten. Og at det gir klubben eit enormt ansvar for både å oppdra og inkludere medlemmane. Det likte eg veldig godt, og det kjem til å verte viktig utover i serien også, seier han.

Denna saka sto først på trykk i Vikebladet.