Handball laurdag - sender Volda ned naboen Bergsøy?

Sjølv Bergsøy sin dametrenar Igor Dokmanovic trur at Bergsøydamene rykker ned frå 2. divisjon i handball.

Jubelen stilna: Bergsøy-jubel etter det overraskande opprykket i fjor. Denne sesongen har vore blytung i 2. divisjon, og laurdag kan Volda sende BIL-damene definitivt ned. 

Kultur

Det siste håpet kan breste laurdag, når topplaget og nabo Volda kjem på besøk. Bergsøy må vinne sine tre siste kampar for å ha ein teoretisk sjanse til å stå, noko Dokmanovic diverre ikkje kan tru skjer.