Oppfølgjaren til NRK-suksessen «Skam» har fått tittelen «Lovleg», og skal spelast inn på Firda vidaregåande skule på Sandane i Nordfjord. Dette melder NRK.

Serien skal handle om ungdomar på bygda, og dei utfordringane dei møter på etter å ha flytta ut av heimen og må stå på eigne bein.

Rektor ved skulen, Hallgeir Hansen, fortel til statskanalen at han gler seg til innspelinga startar opp i juni.

– Dei har truleg valt skulen vår sidan mange av elevane bur på hybel, seier han.

Over 40 elevar frå heile Sogn og Fjordane har vore på audition til serien, som i likskap med forgjengaren vil vere ein nettbasert serie for ungdom produsert av NRK P3.

Filminga blir i den eldste delen av skulen, bygd i 1923.