– Det meste av bildematerialet eg har brukt i bilda er henta frå Unescos verdsarvområde rundt Geirangerfjorden. Mange vil kjenne at fjell og landskap, og med utgangspunkt i det lokale blir spørsmål om verdsarv sett inn i ein global samanheng, fortel bildekunstnaren frå Ålesund.

Laurdag opnar Simon Wågsholm utstillinga «World Heritage» (Verdsarv) ved Norsk Fjordsenter.

I fjor haust vart måleri der kunstnaren flettar inn fotografi av flyktningleirar, og miljøkatastrofar frå nyheitsbildet saman med private bilde og Geirangermotiv vist i Galleri A i Oslo. Sist veke avslutta KHÅK kunsthall i Ålesund utstillinga med Wågsholm sine verdsarvmåleri, og no skal måleria der kunstnaren stiller spørsmål ved turisme, verdsarv, miljøvern og flyktningpolitikk visast i Geiranger heile komande turistsesong.

– Dette er ei spanande utstilling, som tematisk treff veldig godt ivaretakingsperspektivet for verdsarvområdet vi ved fjordsenteret jobbar med. Måleria til Wågsholm set lokal verdsarv inn i ein global samanheng på ein sterk måte, meiner formidlingsleiar Merete Løvoll Rønneberg.

Hytte i området

– Aldri før har eg brukt ein så attkjennande stad i noko måleri som i desse motiva frå Geiranger. Utstillinga i Fjordsenteret gjer at verdsarvmåleria på sett og vis kjem heim, meiner kunstnaren som fortel at familien Wågsholm har hatt hytte på fjellet i Eidsdal sidan 1960-talet.

– Eg har feriert her kvar påske og sommar sidan då. Det gjer at eg kjenner godt verdsarvområdet, og har sett utviklinga i Geiranger på nært hald. Det har vore ein eksplosjon i turismen – særleg etter at staden fekk verdsarvstatus.

Provosert

– Kva synest du om utviklinga i området?

– Eg er uroa over slitasjen på naturen, og bli provosert når bubilar parkerer over alt og når skogar blir brukt som utedo. Samstundes er turistnæringa viktig for lokalbefolkninga, seier Simon Wågsholm som bildelegg dilemmaet i måleria sine.

– Det gjeld nok å finne balansen mellom å gjere verdsarvområdet tilgjengeleg for folk, og samstundes verne om staden og miljøet i Geiranger, meiner kunstnaren.

Solfrid Vartdal