Prisforslaget er ti millionar kroner.

– Eg har tenkt å bli litt urban, og flytter inn i ei sentral leilegheit i Bergen, seier kunstnaren Kjell Stig Amdam (76).

Loppemarknad

– Ein epoke er over. Og ikkje berre skal eg flytte. Eg planlegg også å lage ein stor loppemarknad. For eg kan ikkje ta med meg alt saman til Bergen.

Det er Eiendomsmegler Vest i Bergen som har fått i oppdrag å finne nye eigarar til den temmeleg unike eigedomen.

– Dette er ein av dei mest spesielle eigedomane eg har fått i oppdrag å selje i løpet av mine over 30 år i bransjen, seier meklar Trond Lorentzen.

Kjell Stig Amdam meiner alt har si tid. Og tida hans ved Stadhavet er snart over.

Kjærast i Bergen

Men det er også noko anna som lokkar i Bergen.

– Eg har kjærast der. Men vi skal ikkje flytte saman. Eg vil ikkje øydelegge forholdet, ler Amdam. Han seier det neppe er råd å få igjen for alt han har lagt ned i tid og pengar på eigedomen.

Men at det blir seld, det trur han.

– Det er allereie fleire som har kontakta meg, og eg har hatt ei vising. Fleire skal det bli. Kva ein eventuell kjøpar vil bruke eigedomen til, får vere opp til dei sjølve. Eg legg iallfall ingen føringar.

Færre gjestar etter hotellet brann

Amdam fortel at det er mange som har besøkt galleriet hans opp gjennom åra. På det meste har det vore 5.000 gjestar i løpet av tre hektiske sommarmånader.

Eigedomsmeklar Trond Lorentzen seier at det hadde vore ideelt om ein annan kunstnar kjøpte eigedomen.

– Men eg trur også at den kan passe som fast bustad, eller som fritidsbustad – gjerne for to generasjonar samtidig.

Plasseringa er heilt spesiell. Her kan ein invitere gjestar til middag ute, med Stadhavet i bakgrunnen som kulisse. Foto: Eiendomsmegler Vest
Kjell Stig Amdam har i over 20 år arbeidd og stilt ut i Galleri Amdam. Foto: Solfrid Vartdal