X2 Festivalen sin øvste sjef gjennom alle år, Eirik Vaage frå Volda har ei tøff oppgåve med å ta ansvaret for tryggleiken under den tøffaste konkurransen av dei alle: XFree. Hengjebratt må vere einaste dekkjande ordet for hallinga i fjellsida der konkurransen vert avvikla. Eller det vil seie, fleire gonger har forhold som skodde, snøstorm og rasfare tvinga arrangøren til å flytte rennet/stuntet til andre og slakkare fjellsider.

– Det er i Saudehornet det er mest spektakulært, og vi håper og ventar såleis i det lengste med å ta den endelege avgjerda, seier Eirik Vaage.

– Må ha nattefrost

Tvillingbror hans, Aasmund Vaage, er sikkerheitssjef for arrangementet. Han må berre konstatere dette: – Synfaringa vår har avdekt vedvarande ustabile lag. Dette i kombinasjon med kantkorna og vassdrukken snø, opptil 1,5 meter ned i snølaget.

– For å kunne avvikle konkurransen som tenkt komande torsdag, med fredag som reserve, må vi ha ei eller to frostnetter som bind snøen, vurderer Vaage. Med seg i vurderingane har han hatt innleigd ekspertise frå Ute Guiden. Dei to svenskane Douglas Eskelius og Wolfgang Hauber trur risikoen for våte flakskred vil vere låg, men at det kan gå våte lausskred løyst ut av skiløparar.

Mange står på venteliste

Festivalsjef Eirik Vaage kan melde om sterk interesse for å vere med på XFree.

– Kvart år har vi mange på venteliste for å vere med, i år er ikkje noko unnatak. Mellom anna har vi ei lang rekke utanlandske deltakarar på startlista, fortel Vaage. Øvinga tel elles som Norgescup i freeride på ski, og er også eit poenggjevande arrangement for uttaking til verdscuprenn.

– At rennet eventuelt må flyttast frå Trollbotnen under Saudehornet er sjølvsagt kjedeleg for så vel tilreisande deltakarar, sponsorar og publikum.

– Men nok ein gong, vi tek ingen sjansar. Standarden gjeld ikkje minst for fagpersonellet og redningspersonellet frå Røde Kors-miljøa.

– Dei skal ha sikkerheit der dei står i minst seks timar i strekk, ikkje heilt likt ein ekstremløpar med ekstreme ferdigheiter som fyk forbi. Her skal vere trygt for alle, og slik er det, slår Eirik Vaage fast. I tillegg til XFree kan han skilte med heile 14 andre arrangement.