– Vi er ein liten kommune med eit stort hjarte. Av knappe 1.000 innbyggarar er 200 med på å få arrangementet i hamn. Dette gler vi oss til, seier Hallgeir Hove som er kulturkonsulent i kommunen.

Han er også dagleg leiar av Stordalshallen som skal huse dei seks UKM-framsyningane, og har mange i kommunen med seg på laget.

Ung kultur møtes: Les flere av Sunnmørspostens saker om UKM

Arrangementet startar på fredag. I løpet av helga skal 350 ungdommar få vise seg fram, og kommunen aukar folketalet midlertidig med 40 prosent.

Inspirasjon

På festivalopninga fredag kveld skal elevar frå Stordal skule vise ein film som presenterer kommunen for dei tilreisande.

Deltakarane skal bu på Stordal skule, dagsenteret på Stordalstunet samt i barnehage.

Stordal bedehus skal vere utstillingslokalet for dei som deltek med kunst.

– Kva ønskjer du at deltakarane sit igjen med etter ei helg i Stordal?

Kulturkonsulent Hallgeir Hove med fv. Bjørg Jacobsen (frivilligsentral, ungdomsråd og ungdomsklubb), Palma F. Øvrebust (folkehelsekoordinator) og biblioteksjef Bjørg Moltu.