Snart klart for «Kimen»

Det blir operaframsyning i Propellhallen i Volda i juni.

Design: Slik tenkjer scenografen seg miljøet for operaen. 

Kultur

– Operaen Kimen nærmar seg. Eg gler meg storleg til å dele Vesaas sin roman med dykk i musikkdramatisk form, seier komponisten Magnar Åm i ei pressemelding.

Framsyningane av operaen som baserer seg på Tarjei Vesaas sin roman «Kimen» frå 1940 vil skje i Propellhallen i Volda, 8. og 9. juni i år. Scenografien er under bygging på Nordfjordeid av ein dedikert dugnadsgjeng ved Opera Nordfjord.

Konsertpianist Jan Hovden hyller Grieg:

Spiller fire konserter daglig i Avholdshjemmet

Feiringen av Norges nasjonalkomponist er i full gang. I sommer blir det daglige konserter i Avholdshjemmet med Grieg, kaffe og sveler på menyen.


– Når dei har fullført sitt arbeid der, blir alt saman flytta til Propellhallen i mindre deler, for så å bli sett saman att på sin tiltenkte plass av ein dugnadsgjeng her, fortel Åm.

Den ungarsk-norske scenografen Kristof Asbot har designa det som skal bli miljøet denne nyskrivne operaen vil utspele seg i (sjå biletet).

Åm har tidlegare skrive opera basert på Vesaas-romanen Is-slottet.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet