(Møre-Nytt) Eit bomskot eller eit forsøk på å halde i live populariteten? spør sambygding og Urørt-vinnar Jon Olav Sandal i eit intervju med nettavisa Framtida.no

– Då eg blei oppmerksam på at Vassendgutane hadde gitt ut ei låt med denne tematikken, blei eg litt flau. Ikkje så veldig overraska, men flau. Vidare kjende eg på eit behov for å kome med eit motsvar. Eg vil gjerne vise resten av Norge at ikkje alle i Ørsta har desse verdiane som Vassendgutane tilsynelatande har, seier Jon Olav Sandal.

Sandal, som er frå Barstadvik vann finalen i P3-kåringa Urørt tidlegare i år. I Vassengutane sin singel om #MeeToo står det mellom anna:

“Om du e dame eller mann, det ekje lett å vere singel i dag. Du teke taxi inn til byn og gjenge inn på første bar. Men du teke ikkje kontakt du sit åleine du he bordet for dej sjøl. Du e kloke ta skade du he fått dej en på kjeften før”.

– Om det faktisk oppstår problem i samtale med det motsette kjønn, er det vel eit teikn på store kommunikasjonsproblem heller enn eit utslag av at #MeToo har gått for langt. At Vassendgutane heilt og fullt står for denne bodskapen er for meg litt uforståeleg. Ein kan lure på om det berre er eit PR-stunt for å halde i live populariteten til bandet, seier Jon Olav sandal til Framtid.no.

Samstundes får Vassandgutane ros.

–Låta er elles ei særs catchy sak, og eg er sikker på at den fell i smak hjå fansen.

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt.