I den store og luftige systova til Grethe Elin står det skrive med kvitt krit på svart tavle, på veggen over ein svær lysegrøn sybenk. Tavla dekkjer eit hol i den gamle tømmerveggen.

Den lysegrøne benken strekkjer seg frå vegg til vegg, og har heile 74 skuffar. Kvar og ein av dei snikra av ekteparet Enerhaug.

På kjøkenet til Anders heng det same mottoet, måla på ei skapdør på skatollet.

Bak dei blå dørene

Ekteparet i Tjørvåg lagar det meste i heimen sin sjølve, av gamle ting andre kastar.

– Dess meir håplaust, øydelagt og rote, dess betre er det. Dess meir kick får vi av å få noko tilfredsstillande bra ut av det, seier Grethe, som gjerne deler erfaringane sine med andre.

På Facebook-sida «Bak dei blå dørene» legg ho ut tips og råd i ny og ne, for å inspirere til gjenbruk, til å tore, til livsnyting og skaparglede.

Ein vannstokk frå ei gamal kyrkje, vindauge henta frå eit gammalt jugendhus og ein nedlagt kolonialbutikk. Dører og søyler henta frå ein gamal skule, tømmerkasse frå ein gamal fjøs.

Det meste kan brukast.

– Vi samlar på mykje, men veit ikkje alltid til kva. Noko av moroa er å finne gjenbruksområde og kreative måtar å gjere det på, seier Anders.

Gjenbruk av fjøs

I starten delte dei på snikkararbeidet. Grethe har alltid likt kreativt praktisk arbeid, både å snikre og drive med handarbeid. Då dei bygde huset i 1997 jobba Anders som kateket.

No er det han som er fagmannen. I 2001 byrja han å jobbe som snikkar, og har jobba blant anna med oppussing, restaurering og bygningsvern.

Då det unge ekteparet kjøpte tomta i Stokksund var der berre utmark, lyng og ei stor bjørk. No står ni hus på tomta, inkludert naust og ei lita smie.

Å bygge våningshuset gav meirsmak. Anders trengde ei snikkarbu, og då dei fekk tilbod om treverket frå ein gamal fjøs frå Aurvågane slo dei til.

Tømmeret såg ikkje ut, og det tok lang tid før dei fekk ut fjøslukta, fortel Grethe. Men brukast skulle det.

Det er nemleg ikkje slik som mange trur, at eit grått og vêrslitent vindauge berre er å hive.

– Trekvaliteten før var mykje betre, meir varig.

– Kjerneveden var meir tettvaksen og sterkare, og hadde meir kvae, eller tjøre, alt etter tretypen.

– Tek du furua i dag er ho hurtigvaksen, gjerne tatt for tidleg, fortel Anders.

Selskapslokale

Vegen blir til medan dei går.

Då den romslege snikkarbua byrja å ta form, var det konfirmasjonstid for eldstesonen. Så blei det selskapslokale også.

Plutseleg var snikkarbua blitt for fin, og Anders tok med seg verktøyet med planar om ein nytt bygg.

Så kom Grethe sine sysaker, tre symaskiner inkludert, inn. Og sysakene fekk plass i ein fantastisk sybenk.

Alle listene laga dei også sjølve. Og vindauga.

Puslespel med glas

Dei samlar på mykje, men veit ikkje alltid kva dei skal bruke det til.

Blant anna samlar dei på glas og glasruter. Ute på Alnes fann dei vindauge frå eit gamalt jugendhus, og fekk løyve til å ta det med seg.

Dei brukar det dei kan, og lagar nye. Noko som kan vere litt av eit puslespel å få til.

– Dei runde bua glasa oppe under taket her var ikkje lette å lage. Grethe likar å gje meg utfordringar, seier Anders og smiler litt skeivt.

Det vesle rommet innanfor systua er laga av ei tømmerkjerne frå stabburet til ein nabo på andre sida av sundet.

Vindauga kjem frå morfaren sin butikk på Håvoll, mens dørene i bygget kjem frå gamle Myklebust skule. Ute står søyler frå den same skulen.

Klipper i gamle skattar

Det er mange kjensler knytt til gamalt materiale, anten det er treverk, tekstil eller anna. Det har Grethe erfart.

Men no har ho kome til at det ikkje er så farleg å bruke det ho arvar eller får frå andre til å lage noko nytt.

Inne i hovudhuset heng kvite gardiner med fint broderte mønster og initialar. Dei har ho laga av bestemora sitt gamle sengetøy.

Eitt av dei neste prosjekta er å sy seg ei kåpe med stoff frå ein gamal bunad. Anten bunadpolitiet likar det eller ei.

Vil ikkje ha forventningar

– Med åra er eg blitt tøffare når det gjeld å klippe i gamalt stoff. No gjer eg kva katten eg vil med det, seier Grethe, og tek på seg ei vakker kvit kåpe, med mønstra strikkestoff innfelt. Det kjem frå ein gamal strikkegenser søstera hennar hadde som barn.

– Skal vi ta vare på eit tekstil vi har arva og legge det i ein skuff for at neste generasjon skal arve det? Stue det inn i eit skap for at andre kan hende får glede av det?

– Då er det betre å bruke det, meiner Grethe.

Difor gir ho like godt beskjed til dei som gir henne gamle ting at dei ikkje må ha nokre forventningar til kva det skal bli av det.

– Eg synest ikkje det er mi oppgåve å vidareføre andres kjensler, seier Grethe.

Humor

Å drive gjenbruk handlar også om å tørre å vere kreativ, tørre å bruke seg sjølv og følgje sine eigne idear.

– Det handlar om å vere seg sjølv og gjere det ein har lyst til. Lage det ein likar sjølv, utan å tenkje så mykje på kva moten seier eller kva andre synest om korleis du gjer ting.

– Og så treng ikkje alt vere så seriøst. Ein snert av humor høyrer med, smiler Grethe.