Vassendgutane sin siste låt Metoo har skapt debatt. Musikar og Urørt-vinnar Jon Olav Sandal skriv i eit lesarinnlegg, publisert hos både Framtida.no og VG, at han er flau over låta til sambygdingane.

Store kommunikasjonsproblem

Han reagerer mellom anna på følgjande verselinjer:

«Om du e dame eller mann, det ekje lett å vere singel i dag. Du teke taxi inn til byn og gjenge inn på første bar. Men du teke ikkje kontakt du sit åleine du he bordet for dej sjøl. Du e kloke ta skade du he fått dej en på kjeften før».

– Om det faktisk oppstår problem i samtale med det motsette kjønn, er det vel eit teikn på store kommunikasjonsproblem heller enn eit utslag av at #metoo har gått for langt. At Vassendgutane heilt og fullt står for denne bodskapen er for meg litt uforståeleg. Ein kan lure på om det berre er eit PR-stunt for å halde i live populariteten til bandet, seier Jon Olav Sandal til Framtida.no.

– Bra debatt i utgangspunktet

Låtskrivar Sindre Aam svarer til VG at han har ingenting imot lesarinnlegget frå Sandal. Aam er einig i at det å bruke maktposisjonar til utnytting og trakassering ikkje er greitt, noko som ligg sentralt i #metoo-rørsla.

– Det var ein bra debatt i utgangspunktet, når den tok for seg valdtekter og folk som bruker makt på feil måte. Det var flott. Ingen liker at folk blir dårleg behandla, seier Aam til VG.

Samstundes meiner han debatten etter kvart bikka over og at det ikkje lenger blei forskjell på stort og smått.

– Då er det greitt å lage litt humor. Det er ikkje så alvorleg alt som skjer. Vi er eit festband, understrekar han.

Låtskrivar Sindre Aam i Vassendgutane Foto: Knut Arne Aarset
Jon Olav Sandal frå Barstadvika i Ørsta vil vise at ikkje alle ørstingar har dei same haldningane som Vassendgutane. Foto: Hild Nordal