Dette seier Tone Merete Notøy, mangeårig og intens musikalsk kulturarbeidar som snart skal forlate Herøy.

Når hennar einaste barn, Andreas, står konfirmant i Herøy kyrkje fredag den 11. mai, får han og resten av kullet ei spesiell oppleving.

Flest muleg andre også, vonar Tone Notøy, som enno ikkje veit om budsjettet hennar balanserer.

Minimumskostnaden for å setje opp «Brandenburger-konsert nr. 3» av Johann Sebastian Bach er på 150.000 kroner. Ikkje ei vanleg kollekt akkurat, sjølv i Herøy-kyrkja...

Konfirmantar 2018: Her får du oversikta over konfirmantene på Nordvestlandet

Donerer sit eige el-flygel

Dette Bach-stykket krev tilgang til eit tangentinstrument med cembalo-lyd for å vere komplett. Og eit slikt instrument har ikkje Herøy.

– Eg har eit el-flygel med cembalo-lyd. Og sidan også instrumentet er etter måten stor og tung, og sidan eg skal flytte heim til Sandefjord, så har eg bestemt meg for å donere det til Herøy kyrkje, fortel Notøy.

– Du vil ikkje selje han og få att noko av pengane i det minste?

– Nei. Eg har alltid vore veldig impulsiv. Eg var impulsiv når eg kjøpte el-flygelet, og eg var impulsiv då eg bestemte meg for å gi det bort. Eg er impulsiv i det meste, i alle fall alt som har med fremjing av musikk å gjere, seier Notøy.

No vonar ho at instrumentet kan verte viktig for oppveksande ungdom i Herøy. Notøy har elles jobba ei lang årrekkje med musikk også på Eid.

Serverer klassisk perle

Der var ho i nært inngrep med operasatsinga og klassiske lærekrefter som Kari Standal Pavelich og Olga Pavlova. Dei er begge fiolinistar, og dei stiller begge i rekkjene under konserten i Herøy.

– Dei er fantastiske damer og eineståande inspiratorar. Eg vart veldig glad då dei takka ja til å kome.

– Dette vert jo ein slags avskjed for meg etter alle desse åra i teneste for musikk mellom dei unge. Men mest skal det vere ei klassisk perle som konfirmantane og publikum elles vil hugse med glede. Eg ser på dette som ei konfirmantgåve. Vidare som ei avskjedsgåve frå meg, ei markering av mitt virke i dette fantastiske lokalmiljøet som eg stammar frå, seier Notøy.

Ho understrekar at det aldri ville vore råd å få til eit slikt løft utan både økonomisk og anna støtte.

Det har ho fått frå mellom andre Herøy kyrkje, Herøy kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Fond for utøvande kunstnarar og ulike lokale sponsorar.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Mista grepet med venstrehanda

Sjølv var ho svært habil fiolinist. Heilt til ein blodpropp tok finmotorikken i venstrehanda. Den som tek grepa på felehalsen, og må vere som eit instrument i seg sjølv.

– Eg spelte frå eg var seks år. Det vil nok ta meg enno lang tid å kome over sorga over venstrehanda.

– For all del – handa fungerer etter kvart til mykje. Berre ikkje til dette. Så sjølv kan eg dessverre ikkje bidra i denne Bach-framføringa seier Notøy.

Ho har derimot ei rekkje personar som er kapable til å kome. I tillegg til å vere konfirmasjonsgjester tek dei med seg utstyret som skal til.

Toppane

– Kompetansen har dei frå før, mange på topp nivå, seier konsertarrangøren.

Ho trekkjer særleg fram Lars Anders Tomter frå heimtraktene, ein musikar ho plasserer mellom dei leiande bratsjistane i verda. I familien hans er ein annan med bratsj, Marianne Lund. Og vidare borna dei to svært dyktige borna deira.

– For å nemne berre nokre. Men det skal jo mange fleire til for å mønstre heile orkesteret. Dette blir bra. Folk må kome. Dette må bli bra, vonar Notøy.

Herøy kyrkje har akustikk veleigna for mange ulike typar konsertar. Foto: Knut Arne Aarset
Dette instrumentet skal trakterast under konserten. Etterpå gjev eigaren Tone Merete Notøy det som gåve til Herøy kyrkje.