Konfirmasjon Herøy:

Konfirmantmor Tone Notøy slår på stortromma med storkonsert i Herøy-kyrkja

– Når mesteparten av konfirmasjonsgjestene våre er topp musikarar, så måtte vi nesten berre satse på ein kyrkjekonsert.

Eks-fiolinist: Etter eit langt liv med fiolin har Tone Merete Notøy måtta gitt seg med aktiv speling – grunna skader i motorikken i venstrehanda etter ein blodpropp. – Handa fungerer til mykje, berre ikkje til å spele fiolin, konstaterer Notøy. I staden får ho andre til å spele – når ho no byd opp til stor klassisk konfirmasjonskonsert i Herøy kyrkje. 

Folk må kome. Dette må bli bra

Tone Notøy
Kultur

Dette seier Tone Merete Notøy, mangeårig og intens musikalsk kulturarbeidar som snart skal forlate Herøy.