Både kretslaget for juniorar og regionslaget Storfjordlangrenn (13-16 år) skal ha ei felles samling i Stordal frå fredag til og med søndag ettermiddag.

– Samlinga i Stordal byrjar med eit testløp fredag ettermiddag på Stordal stadion. Der skal juniorane springe 3.000 meter, medan dei på Stordfjordlangrenn truleg skal springe 1.500 meter. Laurdag er det så to rulleskiøkter der vi har fokus på teknikk, fyrst i klassisk på Overøye, så hurtigheit i fristil i sentrum. Denne dagen skal vi også ha ein del treningsteori. Søndag rundar vi av med nye testløp; duatlon med rulleski fyrst, så ei pause og på med joggeskoa og motbakkeløp, fortel Pål Bjørn Øvrebust om dei grove trekka av programmet under «Kick off» i heimbygda Stordal.

Han er glad for at moldejenta Mari Støen Gussiås, med si erfaring frå høgt nivå, no er ny trenar for Storfjordlangrenn, i spann med Lars Anders Hoel frå Valldal som held fram med dei yngste talenta.

Færre på juniorlaget

– Færre løparar på kretslaget samanlikna med siste sesong?

– Ja, ein del løparar har gått over til senior. Vi har berre ein siste års junior attende i laget; Ludvig Vartdal frå Emblem IL.

– Er det færre som søker seg til langrennslina på Stranda no?

– Vel, det er ein nedgang på berre ein. Vi vil ha ni langrennsløparar komande skuleår, seier Øvrebust.

Som jobbar fulltid på Stranda Skigymnas saman med sin kollega også på kretslaget; Jan Erik Westerås.

Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL skal opp i junioralder, og ho vurderte å gå vidaregåande på Stranda. Men valet fall på Norges Toppidrettsgymnas i Lillehammer.

– Vi skulle sjølvsagt sett at alle våre fremste talent søker til skular i eige fylke, men har forståing for at Kristine valde NTG sidan dei ville satse på henne. For vår del på skulen er vi avhengige av å få søkarar kvart år for å halde tilbodet oppe, seier Øvrebust.

For nokre år tilbake var det også eit tilbod til dei beste alpinistane i Møre og Romsdal på Stranda, men dette fall bort då det etter kvart vart for få søkarar. Det er fylkeskommunen som driv dei til vidaregåande skulane der det er tilbod til ungdom i mange idrettar.

På kretslaget i langrenn er elevane fordelt mellom Stranda vidaregåande og Romsdal vidaregåande i Molde.

– De har ikkje søkarar frå andre fylke som til dømes Sogn og Fjordane?

– Nei, dei byrjar gjerne i Stryn der det blant anna er landsline for skiskyting, seier Pål Bjørn Øvrebust.

Neste stopp Sognefjellet

Etter fyrste samlinga i Stordal til helga vert den neste lagt til sommersnø på Sognefjellet i slutten av juni. Der er det erfaringsmessig gode tilhøve i 1.500-1.600 meters høgde. Denne samlinga vert avvikla i dagane 30. juni til 3. juli.

held fram: Jan Erik Westerås (til venstre) og Pål Bjørn Øvrebust held fram som lærarar på Stranda Skigymnas og som trenarduo på kretslaget i langrenn også for sesongen 2018/19. FOTO: JARLE MORDAL Foto: Jarle Mordal