I 2015 sørga filmen «Bølgen» for høge publikumstal ved kinoen, som bidrog til eit svært godt driftsår for Storfjord kulturhus.

Sidan har økonomien vore anstrengt, og gulmålinga flasar:

– Det kjem snart ein ny katastrofefilm frå dei same filmskaparane, men «Skjelvet» har handling lagt til Oslo, så vi kan nok ikkje rekne med at den filmen skal redde økonomien til Storfjord kulturhus. Vi treng å få kommunen som huseigar på banen, for at vi saman skal kunne tenkje nytt om kulturhusets framtid, seier Arild Ringdal, styreleiar i driftsselskapet.

Han har saman med dagleg leiar Sigurd Drege sendt kommunen ei bekymringsmelding i form av eit brev med fire punkt, der kommunen vert bedt om å ta meir ansvar for huset. Det inneber mellom anna å sørgje for eit nytt strøk med måling, så huset igjen med rette kan kallast «det gule smørauget» i Stranda sentrum:

«Den økonomiske stoda byrjar å bli prekær, og eigenkapitalen i selskapet er negativ med 700.000 kroner», skriv dei.

Snart jubilant

– Huset har 20-års jubileum til neste år. Det har heldigvis vore mykje brukt, og det synest i form av slitasje, seier Arild Ringdal. Han håper at kommunen kan ta vedlikehaldskostnader til kulturhuset inn i neste års budsjett, inkludert utvendig måling.

– Vedlikehaldet aukar ettersom huset vert eldre. Samstundes er det utfordrande å skaffe nok inntekter. Vi merkar sterkare konkurranse frå andre kulturhus og kulturtilbod i distriktet. I tillegg har vi no ei folkesamansetjing med fleire arbeidsinnvandrarar som vi ikkje heilt får tak i. Kulturhuset må bli brukt av enda fleire lokalt, dersom drifta skal gå i pluss i framtida. Det er ikkje krise no, men den vil kome dersom vi ikkje klarer å snu trenden, seier Ringdal.

Kommunen vil ta tak

– Kulturhuset er viktig for Stranda kommune, så her må vi heilt klart inn og sjå på korleis vi kan bidra til eit løft på kort og lang sikt, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.

Han reknar med at kulturhusøkonomien vert tema i neste formannskapsmøte i juni. I tillegg håper han på eit bredt engasjement blant publikum:

– Vi treng nye, gode idéar til korleis huset kan verte brukt framover. Jo fleire som tenkjer saman, jo betre kan det bli. Så skal nok kommunen sørge for eit nytt strøk med måling.

– Kulturhuset skal halde fram med å vere eit blikkfang i sentrum, og ein viktig møteplass for mange, seier ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad. Arkivfoto: Anne-Mari Tomasgard Foto: Anne-Mari Tomasgard