Ei anna ny scene under den Skodjebaserte festivalen for klassisk musikk er Parken kulturhus i Ålesund. Både her og i konserthuset i Fosnavåg kan publikum sjå og høyre den heilt spesielle filmkonserten «Lost memory into Whiteness», nobelprisvinnar May Britt Mosers hyllest til hjerneforsking, framført av TrondheimSolistene og tonesett av komponisten Bertil Palmar Johansen, opphavleg frå Brattvåg.

Internasjonalt

Etter fleire års deltaking er symfoniorkesteret frå Kaunas i Litauen ikkje med i år.

I staden blir det eit samansett ensemble på rundt 50 musikarar, som kunstnerisk leiar Rune Bergmann kjenner frå sitt internasjonale virke som dirigent. Dei kjem frå symfoniorkester i London, Baltimore, Calgary og Szczecin, samt Kringastingsorkesteret og Møremusikerne.

Eit orkester med så dyktige musikarar at dei ifølgje Bergmann kjem til å lyde som eitt av verdas beste, no less.

– Dette festivalorkesteret skal blant anna vere med når Philippe Quint skal spele inn plate, fortel styreleiar i Fjord Cadenza, Hallgeir Øvrebust.

Den russisk-amerikanske stjernefiolinisten Quint, som også heldt konsertar under fjorårets festival, er tilbake, denne gang for å kombinere konsertframføringar med plateinnspilling.

Eit anna trekkplaster er førstetrompetisten i Baltimore Symphony Orchestra, Andrew Balio, som blant anna skal spele under avslutningskonserten i Gomerhuset.

Mykje norsk musikk

Storfjord Hotell på Glomset blir også ei av årets nye scener. Fredag blir det seminar om kulturutvikling og laurdag blir det «Eksklusiv intimkonsert» med blant andre Philippe Quint i det fasjonable hotellet, som også kan by publikum på flott utsikt.

Det naturskjønne distriktet skal brukast for det det er verdt, og i år blir det også utekonsert i Geiranger, nærare bestemt i hotellhagen på Hotell Union.

På Skodje blir det tradisjonen tru festkonsertar med fullt orkester og solistar i Gomerhuset, operapub i Nerskøyløa, Skodjekveld i kyrkja, klassiske svisker på omsorgsheimen og festivalgudstjeneste i Tusenårsparken.

På programmet i år står det berre nordisk, og mykje norsk, musikk. Kombinert med dei naturskjønne omgjevnadene ligg det an til spektakulære opplevingar på årets festival, hevdar festivalleiarane.