Vi snakkar ikkje smed av traust og tradisjonelt sunnmørsk opphav. Vi snakkar om nederlendaren Martijn Scherbier, som av yrke er controller ved Ålesund sjukehus. På norsk må det bli noko slikt som ein som kontrollerer pengar. Mykje pengar. Men før han starta i den jobben, og på fritida si, har Scherbier kursa seg opp på sunnmørske godsaker som smiing og tradisjonshandverk innan trevirke.

Han må vere ein god del pedagog også, for under Sunnmøre Middelalderfestival i Borgundgavlen laurdag og søndag, fekk han tent opp ei smiglo i svært mange.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Over hundre små fagprøver

– Ja, laurdag må over hundre personar har vore innom her i den vesle vegglause frilufts-smia. Langt dei fleste har vore born, og fleire av desse heilt ned i sjuårsalderen. Målet mitt har vore å lære kvar og ein av dei å smi sin eigen vesle krok i jern, fortel Scherbier. Smientusiasten fortel at han ikkje har talt dei som har smidd.

Smeden fekk sommarjobb

Martijn Scherbier fortel at han er første gongs deltakar på denne festivalen, men at han alt har fått ein spennande avtale med museet.

– Ja, kvar onsdag i sommarferien skal eg lære bort smiing for born i sjølve smia her på museumsområdet. Det gler eg meg veldig til, seier den unge mannen med den sterke entusiasmen. Og som til overmål har drive hotell i Sverige i fleire år. Allsidig...

Eit arrangørmessig genigrep

Allsidig må ein også verkeleg seie at Sunnmørsk Middelalderfestival er. Festivalen vart arrangert i Borgundgavlen for tredje gong i helga, med eit kvileår mellom kvar festival. Dette kan sjå ut til å vere eit genigrep, i alle fall vêrmessig. Og då også publikumsmessig.

– Vi har vore ekstremt heldige med vêret ja, så det er vel berre å halde på denne stimen, smiler ein av dei tilsette ved museet, Svein Ove Flaten. Han sel boknasild og tørrfisk i varmen og ingen har klaga på at fisken ikkje er tørr nok...

I tillegg til museet sine mange kultur- og formidlingsutstillingar, aula det av handverkarar, bogeskyttarar, sverdsvingarar, reipslagarar, seglmakarar, underhaldarar og publikumarar. Kanskje eit tusental – når alt er rekna og talt opp.