Vedtaket i fylkesutvalet vart gjort med åtte mot fem stemmer, tre frå Ap og to frå Høgre. Vedtaket kom kort tid etter at fylkesutvalet hadde fått orientering om den økonomiske situasjonen i fylket.

Omkampen vart fronta av Per Vidar Kjølmoen (Ap). Kostnaden for kvar lånt ut bok er langt større på bokbåten enn elles i biblioteka, sa Kjølmoen.

Gunn Berit Gjerde (V) og Kristin Sørheim (Sp) var blant dei som vil ha bokbåten i alle fall eitt år til.

– Ved å bruke same driftsmodell som Hordaland, kan vi få ei rimelegare drift av båten, sa Gjerde.

– Båten er ein del av kystkulturen, sa både Mette Belden (Nordmørslista) og Knut Støbakk (KrF).