Møre og Romsdal fylkeskommune:

Bokbåten «Epos» går eitt år til

Fylkesutvalet ville ikkje vere med på omkamp om Bokbåten «Epos» måndag. Dermed blir vedtaket i Kultur- og folkehelseutvalet ståande: Bokbåten skal gå eitt år til.

Bokbåten: Bergljot Melseter Worren (til venstre) og Ellen Kristin Molvær på kaia framfor Bokbåten «Epos».  

Kultur

Vedtaket i fylkesutvalet vart gjort med åtte mot fem stemmer, tre frå Ap og to frå Høgre. Vedtaket kom kort tid etter at fylkesutvalet hadde fått orientering om den økonomiske situasjonen i fylket.